Neste store nyhet sett bort fra hotell og hytteutbygging i Hemsedal kan bli et nytt skisenter i Røggelia. Det finnes lite informasjon om dette og det er kun på planstadiet.
Hallingdølen skrev en artikkel om dette i august 2017, etter dette har det vært stille. Artikkelen er gjengitt nedenfor, og følg lenken for å se artikkelen i Hallingdølen (trykk på kartet eller lenken ved siden av, desverre er innlogg/abonnement nødvendig).
No er Røggelia på gli
Røggelia kan bli større enn dagens Hemsedal Skisenter. Dersom området blir utvida kan det på sikt kome 9000 senger i eit nytt heisområde.
– Me er i startgropa, seier Tronn Inge Tuv. Han er ein av 14 grunneigarar som har gått saman med Skistar og Hemsedal turisttrafikklag (HTTL) for å utvikle Røggelia til eit alpinprodukt.
Det vil kunne bli større enn dagens Hemsedal Skisenter, samstundes som det vil henge saman med dette. Dersom dei får utvida området mot elva Lauvdøla og Lio slik dei håpar, ser dei for seg 9000 sengeplassar i området.
Må endre dagens kommuneplan
Før sommaren var det generalforsamling i Røggjin Utvikling AS, selskapet grunneigarane har etablert. Her vart dei samde om kapitalutviding som gjer at dei no kan engasjere selskapet Ecosign til å teikne og greie ut bruken av området.
– Me håpar på eit første utkast innan jul, seier Tuv. Spørsmålet er om det er tidsnok for å få med eit innspel til kommuneplanen som no er under rullering.
Då gjeldande kommuneplan vart vedteken i 2011 vart Røggelia lagt inn som eit alpinområde, men «føresetnaden for utvikling av dette området er at det berre skal vere skitrekk og nedfartar og ikkje turistanlegg anna enn rundt dalstasjonen», heitte det.
Klare for møte
Ambisjonen no er langt større. Ecosign ser på heilskaplege løysingar både for skitrekk, leilegheiter, hytter og infrastruktur, i eit utvida Røggelia-område. Skistar meiner 2000 kommersielle senger (varme) er eit minstemål. Legg ein kommunens retningslinjer til grunn betyr det 7000 senger totalt, men dei som står bak initiativet meiner ein må tenkje større.
– Me ser for oss inntil 9000 senger på lang sikt. Volumet som ligg i kommuneplanen i dag er for lite, seier Tuv.
Då kommuneplannemnda (formannskapet) hadde Røggelia som tema 27. juni bestemte dei at politikarane skulle møte med initiativtakarane. Møtedato er enno ikkje sett.
– Me er klare for å møte no, seier Tuv. Tysdag var representantar frå dei tre samla for å planleggje vegen vidare. Prosjektgruppa har med Tronn Inge Tuv og Håvard Venås (for grunneigarane), Richard Taraldsen og Jan Egil Halbjørhus (HTTL) og Andreas Smith-Erichsen (Skistar).