Fint profilintervju med Anders Buchart i Hallingdølen 25. januar der han forteller om bakgrunnen for at han gikk for Fýri prosjektet (tidligere Vy Hemsedal) som når reiser seg i grustaket i Totteskogen.
Følg linken til Hallingdølen for å lese hele artikkelen, men her trengs det abonnement. Men med fare for å bli saksøkt av lokalavisen tar jeg likevel sjansen på å publisere de delene av artikkelen som er mest spennende for oss innbyggere i Totteskogen.
Eg har ekstremt stor tru på Hemsedal
– Kvifor Hemsedal?
– Hemsedal er myteomspunne, eksotisk og så har eg eit forhold til bygda etter at eg i ungdommen køyrde aktivt alpin. Eg har ekstremt stor tru på Hemsedal, fortel Buchardt. Men legg til at han slett ikkje vart forelska i hotelltomta ved første blikk.
– Sverre Kirkebøen i Hemsedal tok kontakt. Eg følte at me hadde nok fjell-prosjekt, med Hafjell, Kvitfjell og Gaustatoppen. Og at det ikkje var vits å spreie seg for mykje. Men Kirkebøen gav seg ikkje. Han klarte å overtyde meg. Alle ære til han. Til slutt følte eg at eg måtte gjere eit realt forsøk. Ein må vere litt visjonær, litt dristig og nytenkande, seier Buchardt og minner journalisten på å få med kvitteringa for kaffien ho spanderer.
– Ein skal ha respekt for pengar, formanar han før han legg til at på den andre sida, tek dei til å få god erfaring med å drive utvikling i fjellet.
– Og det er lurt å drive med noko ein kan. Hemsedal er av dei mest attraktive destinasjonane i Norge. Og det har skjedd lite i Hemsedal. Her er det rom for skikkeleg satsing. I tillegg er det fleire som har prøvd seg med store hotellplanar tidligare. Utan at det har blitt noko av. Det triggar meg, nikkar han og nippar ein slurk av kaffien. Me er på W.B. Samson på beste Frogner. Ein liten spasertur frå kontoret.
Eg hatar å skuffe folk.
Buchardt laga dei første skissene av hotellet den same kvelden han hadde bestemt seg.
– Ein må vere audmjuk. Det må passe inn i omgjevnadene. Det er ei krevjande tomt som ligg fint til, med fjella som ein viktig kulisse. Ein finn ofte ikkje løysinga med ein gong. No stemte det nesten umiddelbart. Då får ein trua, smiler han.
– Me har brote alle prinsipp, og lagt hovudrestauranten til øvste etasje for at gjestane ska sjå dei fantastiske fjella. Me vil skape eit hotell som folk dreg til fordi dei vil bu nettopp der. På det hotellet. Fýri skal i seg sjølv vere eit «reisehøve», seier Buchardt og røper at han etter tilhøva har brukt altfor mykje tid på Hemsedals-prosjektet.
– Fordi det gir meg så mykje. Eg har lyst og ambisjonar om å gjere dette til noko heilt unikt. Eit hotell kjent langt utanfor landets grenser. Og eg hatar å skuffe folk. Og eg brukar ikkje å snakke med så store ord til vanleg, seier han bestemt og held blikket intenst fast.
Han er ivrig på prosjektet i Hemsedal. Det gjeld å halde på den iveren. Då kan store ting bli utretta. Han legg trykk på at det er mange som må vere med for å få Hemsedal til å bli ein solid heilårsdestinasjon. Tett knytt til Vestlandet. Fleire aktivitetar må på plass. Folk må jobbe ambisiøst saman. Så skal han gjere sitt. Det han er god på.
– Ein skal sjå Fýri ligge der når ein kjem køyrande til Hemsedal, seier han. Og Ess Group som skal drive det nye hotellet, er kjende for å skape unike hotell og atmosfærar.