Ny Rv52 gjennom Gol kan være klar innen 2033

Publisert av Morten Hasås den 04.03.19.

Hallingdølen skriver i sin utgave 28/2-2019 følgende om planer for utbygging av RV52 gjennom Gol:

"Om litt over ti år kan heile den omfattande prosessen med å realisere nye riksvegtrasear i Gol gå mot slutten. Statens vegvesen vil bruke over fire milliardar så snart regjeringa legg pengane på bordet".

Det har gått to år sidan det vart bestemt at både Rv7 og Rv52 skulle vere hovudvegar mellom aust og vest. Sidan har det ikkje skjedd stort. Proppen i systemet er Hallingdals geografiske og trafikale knutepunkt, Gol. Vegvesenet etterlyser handling frå regjeringa si side.

Arbeidet med Nasjonal Transportplan (NTP) for 2022–2033 er i startfasen, og denne gongen vil samferdselsdepartementet ta ei tydlegare styring. Då Dale kom til Robru onsdag, var det for å høyre på innspel frå både vegvesenet og frå dei lokale politikarane. Men nokre lovnader hadde han ikkje med seg i reiseveska.

Prioritert vegstrekkje

Det er fleire prosjekt på gang aust for Gol, med Vegpakke Hallingdal i spissen. Under møtet med Dale onsdag brukte Grønås i vegvesenet mykje tid på å orientere om behovet for utbetring på strekningen Svenkerud-Robru. 

– Denne vegen er utruleg kostnadskrevjande for tungtrafikken, den er mykje trafikkert og vegen er smal. Det er nesten ikkje mogleg å gjere noko med slik vegen ligg no. Me må ha ny trasé, og det har me gode skisser på, seier Grønås. Til samferdselsministeren sa han at vegvesenet ønsker ein planprosess på dette no, strekningen er foreslått som prioritert prosjekt til NTP 2022–2033. Ein omlegging av vegen her vil ha ein totalkostnad på rundt 4,5 milliardar kroner. 

– Det er ein lang veg å gå. Me er avhengig av å få planmiddel til å starte prosessen, og ha ein god dialog med Gol kommune. Men eg trur me får det til, og at prosjektet kan kome inn i denne rulleringa av NTP. Med realisering i slutten av perioden, seier Grønås. Det betyr i åra mellom 2027 og 2033.

Les hele artikkelen i Hallingdølen (krever dessverre abonnement).