Felles front for storutbygging i Røggelia

Publisert av Morten Hasås den 28.09.19. Oppdatert 29.09.19.

Hallingdølen skriver i en artikkel 27. september (2019) om en felles front for en storutbyggin på Tuv og i Røggelia.  Følg linken for å lese artikkelen.  Ettersom innlogg dessverre behøves for å lese artikkelen i Hallingdølen har vi gjengitt artikkelen nedenfor (under bildet).


No gjer hemsedølene felles front for storutbygging

Om eit par år håpar Erik Teigen at spaden kan settast i jorda for første del av ein gedigen utbyggingsplan i Hemsedal.

Ønsket om å utvikle Røggelia-området har ligge på bordet i mange år. Men no ser det endeleg ut til å kunne realiserast, gjennom eit flunkande nytt samarbeid.

Fredag møttest utbyggar og investor Erik Teigen, Skistar-sjef Bosse Halvardsson og representantar for Røggjin Utvikling AS (RUAS) for å diskutere framtida. Saman med Andreas Smith-Erichsen og Jan Egil Halbjørhus i Evo partners er planane i ferd med å ta form.

– Me håpar me kan ha ein heis i drift der alt om to-tre år. Det er mitt mål, og noko me vil jobbe for, seier Teigen.

Teigen med på laget

Sist Hallingdølen skreiv om ei utbygging i Røggelia var i 2017. Då vart det laga ein plan for området av Ecosigns, der det vart skissert både skitrekk, leilegheiter, hytter og infrastruktur. Det var snakk om at utbygginga kunne ende i 9000 senger. Kva ein vil ende på med tanke på senger i denne runden er enno ikkje talfesta, men visjonane er store.

Etter at det vart jobba fram ein Røggelia-plan i 2017, har arbeidet stått stille. Men tidlegare i år tok Erik Teigen initiativ til å få fart i planane. Skistar vil meir enn gjerne vere med på utviklinga, og RUAS, som består av 17 grunneigarar, er glade for at det no endeleg skjer noko.

– No er det tre partar som er samde om å prøve å få dette realisert. Så langt har ein aldri kome før, seier Smith-Erichsen i Evo partners. Det siste trekvart året har han og Halbjørhus jobba med Røggeliaplanane, og gjort mykje analyse.

Treng utvikling

Tanken er at utviklinga av Røggelia skal skje i fasar. Det første partane meiner må på plass, er det alpine tilbodet. Alle er samde om at det trengst fleire nedfartar i Hemsedal, og området i Røggelia er stort.

– Me bør utvikle skikøyringa i Hemsedal, men det er ikkje så lett, seier Skistar-toppen Halvardsson. Han fortel at det ikkje lenger berre er stupbratte fjellsider ein treng for å køyre på ski, det trengst også slakare løyper. Det går det an å få til i Røggelia.

– Me treng ein betre miks, og det skal me sjå på om me får til no, seier han.

Røggelia og «Gummiskogen» er eit populært frikøyringsområde. Men Erik Teigen og co. forsikrar om at denne delen skal bli tatt omsyn til.

– Me pratar om eit område på 5000 mål. Dette skal bli gjort med finesse. Det eine skal ikkje øydelegge for det andre, seier han.

Vil utvikle Tuv

Politikarane i Hemsedal har tidlegare sagt at dei er positive til ei utvikling av området. At grunneigarane står samla, gjer saka enklare.

– Det er også derfor me i Skistar kan vere meir aktive enn me normalt er, seier Halvardsson.

Grunneigarane er glade for at det endeleg ser ut til å skje noko i området deira, og ikkje minst at det er lys i tunnelen for ei real utvikling av Tuv.

– Det er jo utgangspunktet for at me i det heile begynte å snakke saman som grunneigarar, seier Knut Fausko.

– Me har store visjonar. Dette vil gi Hemsedal som turistdestinasjon ein heilt ny dimensjon, meiner han.

Fem-seks milliardar

Om det går som Erik Teigen vil, blir spaden sett i jorda i løpet av eit par år. Det vil i så fall vere startskotet for ei investering i milliardklassen. Det er rekna at det vil koste omtrent ein milliard kroner å få eit fullstendig alpinanlegg med ferdig infrastruktur klart, med alle grunnlagsinvesteringar. Dei vidare utbyggingsplanane vil sjølvsagt også krevje store investerte summar.

Alle som har vore borti planarbeid i kommunesamanheng skjønar at det ikkje er gjort i ei handvending å kome i gang med eit såpass stort prosjekt. Men Smith-Erichsen trur likevel det er gode moglegheiter for å kome raskt i gang.

– I prosjekt der alle står saman, går prosessane alltid fortare. Då er dei som skal behandle planane tryggare i det dei gjer. Me som sit her no, er samde om å løyse dette. Dette er eit kvantesprang med tanke på korleis situasjonen har vore tidlegare, no har me danna ein felles front. Sjølv om det vil ta noko tid å få spaden i jorda, pratar me ikkje om generasjonar, seier han.