Skogshorn stigen åpnet

Publisert av Morten Hasås den 29.09.19.

Stairway to Skogshorn! 

Stigen har blitt oppgradert til et flott kunstverk, med steinlagte dreneringer, bruer, trapper og rasteplasser.

Turen opp til Skogshorn (1728 m.o.h) går på en nyrestaurert stig der det er tatt hensyn til våte myrpartier og erosjonsutsatt vegetasjon. Dette er gjort gjennom å drenere vann ut av stien, steinlegge bløte partier, bygge steintrapper og revegetere områder.

Skogshorn prosjektet står godt beskrevet på Hemsedal.com sidene, følg linken for å se siden.  Hemsedal turisttrafikklag og Hemsedal komme har samarbeidet om gjennomføringen av prosjektet sammen med representanter fra grunneierens.  Sherpaer fra Nepal har utført alt restaureringsarbeidet.

Turen opp til Skogshorn er en av Hemsedals topp 20 turer som også står beskrevet på Hemsedal.com.  Følg linken for å se siden.

Se også artikkelen fra Hallingdølen publisert 27. september (2019), gjengitt nedenfor, følg også denne linken for å se artikkelen på Hallingdølens nettsider (dessverre kreves det innlogg).

Ein ny stig til Skogshorn
Betre drenering av vatn og ein flottare tur har vore fokuset når den kjente fjelltoppen har fått ny stig.


Sjølv om alt var klart tidleg i august, innvia alle dei involverte partane stigen med topptur torsdag morgon.

– Det var vanskeleg å ha ei offisiell opning i sommar, midt i ferien, seier Anneli Rosberg Vøllo ved Hemsedal turistkontor.

Avtroppande ordførar Oddvar Grøthe var også med.

– Det er alltid fint å sjå at eit prosjekt er ferdig, anten det er ein stig eller eit hus.

Grøthe kjenner fjelltoppen godt og seier han har vore på toppen mange gonger.

– Ein sommar var eg oppå der heile 28 gonger, fortel han.

Dreneringsproblem

I tre omgangar over tre år har sherpaer laga steintrapper og små avløp for å få unna vatn.

– Den gamle stigen var sliten, og hadde runne ut fleire stader, seier Jørn Magne Forland som er miljøvernrådgivar for Gol og Hemsedal kommune.

I lag med prosjektleiar i Hemsedal Utmarkservice, Henning Flaget, er den nye stigen blitt ein realitet.

– Stigen er flytta på slik at ein får betre utsikt heile vegen, fortel Forland.

Den lengste steintrappa har heile 400 trinn. I tillegg har det kome på plass tre nye rasteplassar langs stigen. Den eine er ein lokalprodusert trebenk sponsa av Landslaget for hjarte og lungesjuke, LHL.

Forland jobbar mykje med å finne ut korleis ferdselsvegane i fjellet påverkar naturen. Han seier at Skogshorn har fleire område med myr og bratte skråningar som toler lite. Erosjonsproblema og tidvis mykje vatn har vore viktig å ta omsyn til i arbeidet med den nye stigen.

– Me har ikkje overdrive steinbruken med mest mogeleg trappar, fokuset har vore på drenering, forsikrar Forland.

Flaget fortel at noko av steinen er lokal men mesteparten kjem frå Voss.

– Det handlar mest om estetikken, seier han.

Då steinen blei frakta opp til fjells med helikopter, blei det flydd 193 løft på tre dagar.

Topp 20

Grunneigar Signe Lise Jordheim meiner det var på høg tid at det blei ny stig:

– Dersom turen til Skogshorn skal halde fram å vere ein topp 20-tur, så måtte noko gjerast med stigen.

For grunneigarane i området har prosjektet vore ønskeleg og eit positivt tiltak, seier ho.

Anneli Rosberg Vøllo seier at topp-20 turane i Hemsedal er populære, og at om lag 30.000 personar årleg går ein av dei.

– Det er klart at tala ikkje er heilt nøyaktig, det er jo berre dei som skriv seg inni boka.

Den nye stigen derimot har fått montert eit tellekamera, tala der viser at 7000 personar har gått til Skogshorn mellom St. Hans og skulestart i august.

– Me har planar om å marknadsføre den nye stigen med ein video, og håpar at denne vil bli ein del av Visit Norway si marknadsføring av tilrettelagde toppturar med stig, seier ho

Vøllo håper at folk vil ta i bruk den nye stigen, og påpeikar at ein ikkje treng gå heilt til topps.

– For nokon kan det vere ein fin tur å gå til fyrste eller andre rasteplass, seier ho.

At den nye stigen gjer fjelltoppen meir tilgjengeleg har ho alt bevis på.

– I sommar gjekk bror til ein kollega av meg for fyrste gong til topps. Han har berre eitt bein, og går på krykker, men no klarte han turen. Og det var moro at han samtidig møtte den tidlegare paralympics-utøvaren Cato Zahl Pedersen på veg opp.