Offensivt i Hemsedal før spennende vinter

Publisert av Morten Hasås den 20.10.20.

Offensivt i Hemsedal før spennande vinter

 Takka alle

Onsdag kveld møtte Underland og ordførar Pål Rørby hemsedøler, hyttefolk og næringsliv i to digitale folkemøte. Til saman 300 fekk med seg dei to møta. Underland og Rørby la ikkje skjul på at dei er spente før vintersesongen.

— Me har ei tøff tid bak oss. Men me hadde ein veldig god sommar og haust med mange gjester. Framleis er det lite smitte her, sa Rørby.

Saman med Underland tok ordføraren den tunge avgjerda om å pålegge ei rekkje verksemder å stenge i mars. No takkar dei to alle i Hemsedal for innsatsen mot koronaviruset.

— Me skal normalisere der me kan normalisere. Me var først ute med å stenge. Men me skal også vere tidleg ute med å opne opp att, sa Underland.

 

Må unngå smitte

Underland sa kommunen er langt betre rusta mot smitteutbrot no enn i mars. Tiltak og beredskap er på eit anna nivå i dag. Det avgjerande punktet blir å halde smittepresset nede.

— Smitta må oppdagast raskt og isolerast. Me må unngå langvarig nedstenging og smitte ute av kontroll, sa Underland.

For å klare dette, har samarbeidet vore tett mellom alle aktørar i Hemsedal i tillegg til nasjonale helsestyresmakter. Taraldsen i HTTL kalla det ei «offensiv satsing» då han orienterte om vinterens planar.

— Målet er normal drift av alle aktivitetar. Eitt unntak er ein annleis afterski.

 

Sesong til 2. mai

Skistar-sjef Andreas Smith-Erichsen forsikra alle om at skisenteret jobbar mot sesongopning så raskt som råd. Så fort kulda tek tak, blir det produsert snø.

— Me skal ha drift kvar dag fram til 2. mai, sa Smith-Erichsen.

Som dei fleste andre er Smith-Erichsen spent på kva vinteren bringer. Omfattande smitteverntiltak er sett inn i samarbeid med kommunen og eigne standardar for alpinanlegg. Eitt anna sentralt spørsmål er om utanlandsgjestene kjem.

— Me er klare for ein heilt spesiell sesong, sa Smith-Erichsen, og slo fast:

— Det einaste som kan stoppe oss er tvungen nedstenging.

 

*Artikkelen er hentet fra Hallingdølens nettside fra en artikkel publisert 19. oktober 2020 og er skrevet av journalist Magnus Lindahl

https://www.hallingdolen.no/nyheiter/offensivt-i-hemsedal-for-spennande-vinter/

(Innlegg nødvendig for å lese artikkelen som i sin helhet er gjengitt her)