Som dere alle har merket skjedde det "plutselig" noe med veien vår inn til Totteskogen ned fra Fyri. Veien ble "rettet opp" med en markant fylling og veien minner nå på mange måter om Besseggen. Hytteeierforeningen ble ikke informert om dette tiltaket før det skjedde, og saken er tatt opp både med Totten Utvikling og Hemsedal kommune.
Teknisk etat i Hemsedal Kommune var på befaring (synfaring) i starten av oktober og vi fikk følgende tilbakemelding fra kommunen der det loves at veien skal sikres med autovern på østsiden og utfylling på vestsiden.
"Eg var på synfaring for å sjå på hovudsakleg vegen ned til Totteskogen på onsdag. Det er fylt opp på austsida av vegen. Skråninga er ikkje så bratt no. Vegen er ikkje heilt ferdig og det er planar om å ta den litt ned i starten, men ikkje mykje. Planen er å sette opp autovern mot aust og fylle på vestsida inn til eksisterande terreng. Avlaupsgrøft må gravast før endeleg ferdigstilling no i haust.
Vegen har fått ei betre stigning no en den hadde tidlegare med heving i starten og senking på toppen mot krysset ved Fyri. Ikkje minst i forhold til kravet til utrykking for brann. Den har også vorte breiare. Med fylling mot vest og endeleg ferdigstilling vil nok denne vegen bli meir dempa i forhold til høgdeverknaden av oppfyllinga. Dette vil nok også verke positivt på opplevinga av breidda. Vegen er 5 til 5,5m det er i tråd med planen.
Senking av vegen 1m vil bli problematisk i forhold til innkøyring til F10 tomtene. Når vegen blir ferdig med arbeid rundt vil det bli noko heilt anna enn ved fyrste inntrykket av fyllinga. Kommunen har derfor ikkje noko å utsette på tiltake pr. no."