Hallingdal innfører strenge koronatiltak: – Håpar folk ser alvoret i dette
Artikkelen er hentet fra Hallingdølens nettsider: www.hallingdolen.no
163 golingar er i karantene, tre er bekrefta koronasjuke og fleire er isolert med symptom. No gjer kommunen alt dei kan for å avgrense smittespreiinga.
– Det er sjølvsagt kjedeleg at me har fått ei større smitte no. Men det har nok samanheng med at smitta aukar i heile landet. Det ville vere rart om me skulle gå heilt klar her hos oss, seier ordførar Herbrand Jegleim.
Sju tiltak
Då Hallingdølen prata med han fredag ettermiddag hadde han stort sett brukt dagen i diverse møterom. Kriseleiinga i Gol har saman med kommuneoverlegane i dalen sett ned seks tiltak som blir gjennomført frå og med no.
Dei ser slik ut:
* Berre ti personar kan vere samla i private og sosiale lag.
* Fritidsaktivitetar og arrangement for barn, unge og sårbare grupper blir stoppa.
* Avgrensa besøk ved helseinstitusjonar og omsorgsbustader. Det skal førast nøye oversikt over dei besøkande.
* Skjerpe inn tiltak ved skule og barnehage.
* Fysiske møte, reiser og kurs i kommunal og offentleg regi skal avgrensast til eit minimum. Kommunen oppmodar private aktørar til å gjere det same.
* Kommunehuset blir stengt for besøkande utan avtale.
Alle tiltaka gjeld fram til 1. november, og dei gjeld heile Hallingdal
* Eit spesifikt tiltak i Gol er at Gol Helsetun blir stengt for besøkande.
Fem skuleklassar i karantene
Det var torsdag ettermiddag at koronaalarmen begynte å blinke i Gol. Etter nokre få, spreidde smittetilfelle i haust fekk kommunen plutseleg fem positive prøvar på berre ei veke. Smittesporingsgruppa samla seg raskt til dyst, og kommunen sette krisestab for første gong sidan april.
– Målet er å slå ned utbrotet raskt. Derfor går me hardt ut no, seier ordførar Jegleim.
Smittesporingsgruppa har alt gjort ein stor jobb. Arbeidet deira førte til at 163 golingar vart sett i karantene fredag. Blant desse heile fem skuleklassar ved Gol skule og SFO.
I tillegg vart ein del tilsette ved Nortura og Norilia bedne om å halde seg heime
Med mange ungar i karantene er alle fritidsaktivitetar for barn og unge stoppa. Ordførar Jegleim bekreftar at det er uro for situasjonen ved skulen.
– Det er det me er redde for, at det kan ha kome smitte inn der, seier han.
Førebudd på meir
I tillegg til dei 163 i karantene er tre personar sett i isolasjon med symptom. Frå torsdag til fredag ettermiddag vart det gjennomført 20 testar ved legekontoret i Gol.
– Situasjonen er uavklart. Me er førebudd på at det kan kome fleire positive testar i helga og dagane som kjem, seier ordførar Jegleim.
Kva som skjer vidare i Gol, er vanskeleg å spå. Det kjem an på kva svar som kjem frå laboratoriet. Men golingane må likevel vere førebudd på å leve med nokre strenge restriksjonar den neste veka. Til dømes trur ikkje ordføraren det er realistisk å tru at skuleelevane kjem tilbake på skulen i løpet av neste veke.
Samstundes manar Jegleim sine innbyggarar til å no ta ansvar. Halde avstand, avgrense sosial kontakt, vere nøye med hygiene og halde seg heime ved symptom. Samt teste seg, om det skulle vere mistanke om sjukdom.
– Folk må respektere dei tiltaka som no er sett. Eg håpar dei gjer det, seier han.