Artikkelen er tatt fra Hallingdølens nettside 7. november 2020 og gjengitt i sin helhet. Følg linken for å se artikkelen i Hallingdølen (innlegg nødvendig):
https://www.hallingdolen.no/nyheiter/hyttefolk-treng-ikkje-proviantere-i-byen/
– Hyttefolk treng ikkje proviantere i byen
– Eg ønskjer alle hyttefolk velkomen til å handle i Hallingdal.
Det seier Sissel Bjørøen, dagleg leiar i Visit Gol.
Torsdag la regjeringa fram nye og strengare smitteråd. Kort fortalt kom regjeringa med ei oppmoding om at folk held seg heime og har så lite sosial kontakt med andre som råd. Oslo gjennomfører «sosial nedstenging». Her blir det full skjenkestopp og stenging av kinoar og treningssenter frå tysdag neste veke.
Regjeringa har ikkje innført nytt «hytteforbod», men eitt av tiltaka er at folk bør unngå unødige fritidsreiser. For næringsliv i hyttekommunane i Hallingdal er dette dårleg nytt.
– Provianter på heimplassen
VG bad assisterande helsedirektør Espen Nakstad utdjupe kva dette rådet betyr i praksis. Kan folk reise på hytta utan karantene?
– Har du hytte i Norge, og skal til denne, anten ein skal jobbe på hytta eller dra dit for ei helg, er det viktig å tenke over korleis du reiser til hytta. Gjer du det på ein trygg måte og utan å vere i kontakt med andre, er det ikkje smitterisiko og då er det er heilt greitt, svara Nakstad til VG.
I realiteten inneber dette at hyttegjester som kjem til Hallingdal bør proviantere på heimplassen før dei set seg i bilen for å reise på hytta.
– Synest det var eit snodig råd
Helgekosen til hyttegjestene er ein stor del av inntekta til Oddbjørn Halbjørhus ved Kiwi i Hemsedal. Han registrerte rådet om at hyttefolk bør proviantere i byen før dei reiser til fjells.
– Det synest eg er eit snodig råd. Eg kan ikkje skjøne anna enn at det er uheldig om alle skal stimle saman i butikkar i tungt koronabelasta byområde. I Oslo-området vil dette forsterke smitterisikoen. Så lenge folk ikkje går på butikken når dei er smittebærarar, må det vere mykje betre å fordele trafikken på fleire butikkar, seier han.
Folk har lært å vaske hendene
– Er det trygt å handle på brød og mjølk på Ulsåk?
– Ja, hittil har det ikkje vore eit einaste smittetilfelle i daglegvarebutikk så vidt eg kjenner til. Me er nøye med desinfeksjon og reinhold på alle berøringsflater. Og folk er flinke til å følgje råda om handhygiene, spriting og å halde avstand. Så lenge alle rettar seg etter smittevernreglane, er også Oslo-folk er velkomne hjå oss, seier han.
– Dei snakkar med to tunger
Heller ikkje Sissel Bjørøen i Visit Gol støttar at hyttefolk må proviantere heime før dei set seg i bilen og reiser til hytta.
– Eg synest regjeringa og helsedirektoratet snakkar med to tunger: Hald dykk heime, men reis gjerne på hytta. Her tenkjer eg me må bruke hovudet sjølv. Folk må ikkje bli hysteriske, men rette seg etter dei råda som er gitt, seier Bjørøen. Ho meiner butikkane klarar å overhalde smittereglane og leggje til rette slik at det er trygt å handle, også om det stoppar folk frå Oslo.
– Hyttegjestene skal vite at butikkane treng dei. Butikkane tek ansvaret for smittevern på stort alvor. Og samtidig har kvar enkelt av oss har eit ansvar for å rette oss etter smittevernråda. Klarar me dette, vil det gå bra og me kan trygt gå ei fin jul i møte, seier ho.
– Viktig å halde hjula i gang
Koronasituasjonen har ført til at lokale butikkar slit med lite besøk og tapt omsetnad. Tidlegare denne veka var Bjørøen ute i Hallingdølen med ei oppmoding til folk om å starte tidleg på julehandelen. Ved å starte tidleg og spreie handelen ut over heile opningstida til butikkane, kan ein unngå at det blir trengsel framfor kassa siste laurdagen før jul. Ho står framleis inne for rådet om å bruke lokale butikkar og spreie handelen fram mot jul.
– Det er viktig at me held gang hjula i samfunnet. November og desember er ei viktig tid for butikkane. Skal dei ha noko å leve av i januar og februar, er dei avhengig av god omsetnad i den tida som no ligg framfor oss no, seier ho.