I dette området er det planlagt ei bru over til Bruøyne. Men den ligg framleis lagra under ein presenning hjå Moelven Limtre. (Arkivfoto). Foto: Line Sandvik
Artikkelen er tatt fra Hallingdølens nettside 7. november 2020 og gjengitt i sin helhet. Følg linken for å se artikkelen i Hallingdølen (innlegg nødvendig): https://www.hallingdolen.no/nyheiter/torrskodd-over-troubled-water/
Tørrskodd over «troubled water»
«Bru-skandalen» har gitt Hemsedal kommune ein bulk i panseret. Men kva skal skje med sjølve brua? Inn til vidare ligg ho lagra under ein presenning på Moelven Limtre.
I fjor hamna bru-entusiast Petter Owesen i hardt vêr på grunn av si rolle i bru-prosjektet. Saka førte til at han valde å trekkje seg som styreleiar for idrettslaget på seinsommaren.
Stupetårnet i Hamar
Bruøyne bru hadde blitt Hemsedals svar på stupetårnet i Hamar. Ein gigantisk kostnadssprekk som starta med eit felles ønske frå kommunen, næringslivet og idrettslaget om ei bru over Hemsil til Bruøyne. Der ville dei utvikle eit aktivitets- og friluftsområde.
Brua over Hemsil til Bruøyne opnar for å utvikle øya til eit friluftsområde. (Plankart) Foto: Hemsedal kommune
Idrettslaget hadde sagt seg villig til å stå som søkjar for prosjektet, men utan økonomisk ansvar. Det endra seg våren 2019. Eit vedtak i kommunestyret resulterte i at idrettslaget plutseleg stod ansvarleg for alt, inkludert økonomien.
Skandalen eit faktum
I fjor sommar gav Owesen klarsignal til Moelven Limtre om at brua kunne setjast i produksjon. Brua vart produsert og kostnaden hadde auka til nær det doble. Og på seinsommaren i fjor visste ingen kven som skulle plukke opp rekninga. Dermed var skandalen eit faktum som nådde framsida på avisa.
Så lenge idrettslaget stod som søkjar, kunne prosjektet søkje støtte frå private stiftingar. Prosjektet fekk mellom anna tilsegn på til saman 1,75 millionar frå ulike sparebankstiftingar. Men denne delen av finansieringa fall ut då formannskapet i fjor haust vedtok at kommunen skulle ta over prosjektet, slik at idrettslaget slapp å stå økonomisk ansvarleg.
Herleg lukt av kreosot
Owesen har ikkje lenger ei rolle i Bruøyne bru, men han er framleis ein ivrig tilhengar av trebru-prosjektet. Så ivrig at han i sommar reiste til Moelven for å besøkje brua.
– Eg vart mo i knea då eg letta på presenningen og fekk kjenne den herlege lukta av kreosot, seier han.
– Det er ei flott bru som er spesialtilpassa og bygd etter mål. Brua er designa av ein tidlegare vegingeniør i Statens vegvesen. Ein trebru-ekspert som har gjort mykje av jobben på dugnad. Brua har ein sjølvberande konstruksjon og er den einaste i sitt slag. No ligg ho under ein presenning på Moelven og ventar på å kome heim, seier Owesen.
– Eg har lagt meg flat
Torsdag behandla kommunestyret kontrollutvalet si gransking av bru-saka. Her fekk både Owesen og tidlegare ordførar Oddvar Grøthe ei ripe i lakken.
– Eg har lagt meg flat, tatt ansvar og innrømt at eg bestilte brua for tidleg. For meg har dette vore ei dyrekjøpt erfaring, mest med tanke på familien og alt som har blitt sagt og skrive om denne saka. Eg håpar det er fleire enn meg som har tatt lærdom av dette, seier Owesen. No håpar han likevel at Hemsedal er ferdig med skittentøyvasken og rettar blikket framover.
– Dette prosjektet er for bra til å hamne på skrothaugen. Kommunen, næringslivet og frivillige lag må setje seg saman og finne ei løysing i løpet av det neste året. Noko anna vil vere ein katastrofe, seier han.
– Det trengst kanskje ei eldsjel for å blåse liv i prosjektet. Kan du tenkje deg å ha ei rolle?
– Viss idrettslaget vil gje meg tillit, er eg parat til å bistå og gjere ein innsats både med å få brua på plass og for å leggje til rette sti og aktivitetar på friluftsområdet Bruøyne, seier han.
Trygg veg for mjuke trafikantar
Sidan november 2019 er det Hemsedal kommune som står som prosjekteigar. Teknisk sjef Ola Frogner opplyser at reguleringsplanen er godkjend. Men før brua kjem på plass er det eit krav at det er funne ei løysing for korleis mjuke trafikantar skal ferdast i området.
Hemsedal Meieri AS er grunneigar i ein del av området der brua skal førast i land. Styreleiar Olav Støyten opplyser at dei har engasjert konsulentar som jobbar med å finne ei løysing.
– Me håpar på ei snarleg løysing, men arbeidet er ikkje heilt i mål, seier han. Han vil ikkje kommentere kva utfordringar som treng ei løysing.
1,5 klimamillionar
Ifølgje Owesen er brua det einaste tiltaket i Hemsedal der kommunen har «overlevert på vedtatt klima- og energiplan».
– Brua er bygd i massivtre. Dette gir tre gonger mindre klimautslepp enn ei tilsvarande bru i stål og betong og to gonger mindre utslepp enn ei vanleg trebru, seier han.
Dette har også Miljødirektoratet merka seg. Dei har støtta prosjektet med 1,5 millionar i såkalla «klimasatsmidlar». Denne delen av finansieringa står framleis ved lag, men ein føresetnad er at prosjektet blir fullført.
– Kommunen har søkt om ei utsetjing til 2021 og det har me fått aksept for frå direktoratet, seier teknisk sjef Ola Frogner i Hemsedal kommune. Kommunen har også fått 0,6 millionar i friluftsmidlar frå Viken fylke.
Bruøyne trebru
* I sentrum for bru-kaoset i Hemsedal er ei trebru som skal kople Trøym saman med Bruøyne. Øya i Hemsil skal utviklast som aktivitets- og friluftsområde.
* Kostnadsoverslaget for heile prosjektet var opphavleg 3,5 millionar kroner, men er i dag oppjustert til 6,95 millionar.
* Sommaren 2019 skreiv tidlegare styreleiar i Hemsedal IL, Petter Owesen, avtale med Moelven Limtre.
* Brua vart sett i produksjon utan at finansieringa var på plass. Det var uklart kven som skulle stå økonomisk ansvarleg for prosjektet; kommunen eller idrettslaget.
* I fjor haust trekte Owesen seg som styreleiar i idrettslaget. I november vedtok formannskapet at kommunen skulle ta over eigarskapet i prosjektet.
* I januar 2020 vart det kjent at saka skulle opp i kontrollutvalet.
* I september fullførte kontrollutvalet si behandling. Eit samrøystes utval er svært kritisk til korleis saka vart handtert av Hemsedal kommune. Torsdag slutta kommunestyret seg til kritikken.