Protesterer mot planlagt hyttefelt i Holdeskaret

Publisert av Morten Hasås den 13.12.20.

Saken om en eventuell utbygging av et hyttefelt ved Kjehovda innerst i Holdeskaret har skapt reaskjoner.  Hallingdølen publiserte 11. november (2020) en artikkel som beskriver dette.  Artikkelen er senere fulgt opp av flere leserinnlegg og meningsytringer på sosiale medier.  Saken om Kjelhovda skulle vært oppe til behandling for plan- og ressurs 19. november (2020) men ble utsatt.

 

 Artikkelen er hentet fra Hallingdølens nettsider og gjengitt i sin helhet.  Følg linken nedenfor for å se artikkelen i Hallingdølen (innlogg nødvendig):

Sterke protestar mot ny utbygging (hallingdolen.no)

 

Sterke protestar mot ny utbygging

Skal Hemsedal kommune si ja til 50 nye hytter inst i Holdeskaret? Hytteeigarar og skikøyrarar ynskjer å dempe forslaget og å få saka grundigare behandla.  Eit reguleringsforslag for området Kjelhovda i Hemsedal, vekkjer reaksjonar.  Dette er eit populært og jomfrueleg område for skikøyrarar.  Det ligg som ei urørt skjerming mellom det tett utbygde arealet øvst i Holdeskaret og dei meir urørte områda innover mot Nordfjella.

Viktige verdiar

Både skikøyrarar og hytteeigarar i området meiner utbygginga vil råke viktige verdiar. Dei peikar på at tiltaket er uheldig for natur og friluftsliv. Dei synest at utbygginga reint arkitektonisk vil bryte med den eksisterande byggeskikken i området og at hyttefeltet vil skjera inn i eit populært og trygt område for frikøyring på ski.

Holdeskaret velforening, eller som det no heiter, Velforeningen Holdeskarets Venner, går i eit brev til Hemsedal kommune sterkt imot utbygginga slik framlegget er forma no. Foreninga meiner at 50 hytter på inntil 400 kvadratmeter med to etasjar ikkje høyrer heime i området.

– Utbygginga åleine vil medføre 50 prosents auke i talet på hytter i heile Holdeskaret, skriv hytteeigarane. Dei meiner dette ikkje kan vera i samsvar med overordna mål.

– Planforslaget legg opp til ei fullstendig uakseptabel utnytting av areala i ein sårbar biotop 1030 meter over havet, heiter det i protestbrevet.

Foreninga understrekar samtidig at dei ikkje ynskjer fullstendig stopp for utbygging av feltet. Dei foreslår å redusere talet på hytter til 37. Då får ikkje utbygginga dei same negative konsekvensane for natur og friluftsliv, og blir meir i tråd med det naboane kan akseptere av bygningsmessige inngrep.

Populært

Heller ikkje skikøyrarane i området jublar for utbyggingsplanane. Lokal skiguru Jørgen Aamodt seier til bladet Fry Flyt, som har laga ei sak på utbygginga, at dette er eit ofte brukt område for enkel og trygg frikøyring.

- Mange køyrer inn til heisen att, men du kan også fortsetja ned mot Kjeltjerne, påpeiker Aamodt.

– Det er ikkje det råaste frikøyringsområdet, men det er mykje brukt heilt sidan Tinden-heisen kom, legg han til.

Skistar positiv

Skistar og destinasjonssjef i Hemsedal, Andreas Smith-Erichsen er derimot ikkje negativ. For skianlegget er dette uproblematisk, seier han.

– Dette er planar som lokale grunneigarar har hatt gjennom mange år. Kjelhovda er ikkje regulert til alpinformål. Dette ligg utanfor alpinanlegget. Me frå skisenteret si side har ingen innvendingar til at grunneigarane får utvikla området, seier Smith-Erichsen til Fri Flyt.