Krev munnbind i heile Hallingdal
Alle kommunane i dalen krev no at du bruker munnbind der det er vanskeleg å halde på kravet om avstand.
Hemsedal vart først ute med påbod, så tidleg som fredag. I løpet av helga følgde både Hol, Gol og Ål etter, og måndag kom same beskjed frå Nesbyen og Flå.
Kravet er ikkje minst knytt opp mot det pågåande utbrotet i Hol. Her er så langt ni personar bekrefta smitta dei siste dagane, og smittekjelda er førebels ikkje avklart.
Kravet om munnbind er alt gjeldande i Hemsedal og Hol, i Nesbyen, Flå, Gol og Ål begynner det å gjelde ved midnatt måndag kveld. Det betyr at frå tysdag kan det i teorien vere straffbart å vere på offentleg stad utan munnbind dersom det ikkje er mogleg å halde ein meter avstand.
Munnbind har blitt lett å få tak i. Men veit du korleis du skal bruke det? Folkehelseinstituttet har laga ein enkel instruksjon:
* Sørg for å ha reine hender når du tar på munnbindet.
* Vend den lyse sida mot ansiktet.
* Klem over naseryggen, dra munnbindet ned under haka.
* Ikkje rør munnbindet medan du har det på.
Etter bruk:
* Kast munnbindet i nærmaste søppelkasse.
* Sørg for reine hender etterpå.
Og hugs at munnbind ikkje erstattar kravet om avstand. FHI minner også om at enkelte ikkje kan bruke munnbind av medisinske årsaker, noko alle må respektere.
---------------------------------------------------------------------------------
Se artikkel i Hallingdølen (trykk her for å følge linken).
Se midlertidig forskrift fra Hemsedal kommune (trykk her for å følge linken).
---------------------------------------------------------------------------------