Se opp for Elg på Rv7 og Rv52

Publisert av Morten Hasås den 02.02.21. Oppdatert 11.02.21.

Artikkelen er hentet fra Hallingdølens nettutgave, følg link nedenfor for å se artikkelen (innlogg nødvendig) som forøvrig er gjengitt i sin helhet nedenfor:

Svenkerud «dødsfelle» for elg (hallingdolen.no)

Svenkerud «dødsfelle» for elg

Fire elgar er ihelkøyrd på Rv7 ved Svenkerud i løpet av kort tid. Også på Rv52 mellom Gol og Hemsedal har det vore fire elgdødsfall.

Me er inne i høgsesongen for elg i dalbotnen og stor fare for elgpåkøyrslar langs vegnettet i Hallingdal.

Mykje snø, kulde og månelys har ført til at skogens konge trekkjer ned i dalbotnen både for å finne mat og sleike salt i vegbanen.

Fire ved Svenkerud

Faren for elgpåkøyrslar er stor over alt for tida. Men enkelte strekningar er ekstra utsett. I Hallingdal er det på Rv7 ved Svenkerud i Nesbyen som er største dødsfella i vinter.

— I løpet av kort tid er det ihelkøyrt fire elgar på same staden, like ved 60-skiltet ved Hallibakken på Svenkerud. Og tysdag kveld vart det påkøyrt ein elg i Allfarvegen vest for sentrum som me måtte avlive, seier leiar i viltnemnda i Nesbyen, Knut Halvor Jorde.

Etterlyser blinkande lys

Jorde er kritisk til at det ikkje er sett opp blinkande lys på dei verste strekningane, spesielt ved Svenkerud som er største «dødsfella».

— Me har bede Statens vegvesen fleire gonger om at å setja opp blinkande lys på Svenkerud. Eg er skuffa over at det ikkje er gjort og ingenting har skjedd. Ved blinkande lys er bilistane ekstra på vakt, seier han.

Viltnemndleiaren synest også det er merkeleg at politiet gav ein bilist som varsla om ein ihelkøyrd elg ved Svenkerud, beskjed om å køyre vidare fordi elgen var daud.

— Elgen låg i vegbanen og var til stor fare for andre trafikantar. Då går det ikkje an å berre be bilisten køyre vidare. Politiet er også upresise når dei varslar viltnemndene om elgpåkøyrslar, seier han.

— Me har hatt 12 ettersøk og avliva to av dei me har funne. Dei ti andre me har søkt etter har overlevd, seier leiar i viltnemnda i Hemsedal, Magne Syversbråten.

Hjallen og Syversbråten opplyser at det har vore færre elgpåkøyrslar i år enn i fjor på den mest utsette strekningen på Rv52 mellom dei to kommunane.

Fire ihelkøyrd på Rv52

Også på Rv52 mellom Robru i Gol og Ulsåk i Hemsedal er det ihelkøyrt fire elgar i vinter. To på Gol-sida og to i Hemsedal.

— I tillegg til dei to ihelkøyrde har me også hatt mange ettersøk etter dyr som er påkøyrt og reist til skogs langs fleire vegar i Gol, seier leiar i viltnemnda, Helge Arne Hjallen.

— Me har hatt 12 ettersøk og avliva to av dei me har funne. Dei ti andre me har søkt etter har overlevd, seier leiar i viltnemnda i Hemsedal, Magne Syversbråten.

Hjallen og Syversbråten opplyser at det har vore færre elgpåkøyrslar i år enn i fjor på den mest utsette strekningen på Rv52 mellom dei to kommunane.