Beredskapsrådgjevar i Hol og Ål, Espen Bille-Larsen. Foto: Privat
Artikkelen er hentet fra Hallindølens nettutgave 29. januar 2021, Følg link nedenfor for å se hele artikkelen (innlogg nødvendig):
— Eit ballespark til kommunane (hallingdolen.no)
— Eit ballespark til kommunane
Alle som vil kan likevel reise på hytta i helga. Men regjeringa oppmodar hyttefolket til å handle før dei reiser heimanfrå.
Det reagerer beredskapsrådgjevar i Ål og Hol, Espen Bille-Larsen, kraftig på.
— Eg synest det er respektlaus, seier han.
Snudde på tiltaket
Etter utbrotet av det muterte viruset i Nordre Follo for ei veke sidan sette regjeringa laurdag i verk strenge tiltak for i alt 25 kommunar i Oslo-området. Blant anna vart innbyggarane i desse kommunane bedne om å halde seg i ro, og ikkje reise på hytta.
Men torsdag kveld kom det ny beskjed: Myndigheitene rår ikkje lenger folk ifrå å reise.
— Men me gir likevel nokre råd med på vegen, sa helseminister Bent Høie og ramsa opp fem «spelereglar» for hyttefolket.
Ikkje handle lokalt
Dei blir blant anna bedne om å gjere unna handelen før dei reiser heimanfrå. Dette reagerer Bille-Larsen på. Han meiner kommunane har vist lenge, blant anna gjennom handteringa av det store besøkstalet i jula, at dei kan handtere smittevernet trass i mykje gjester.
— Næringslivet og kommunane har jobba knallhardt lenge for å skape ein god balanse mellom nødvendige tiltak og opne servicetilbod. Den balansen er viktig. Om me får lokale utbrot som gjer at det blir nødvendig å justere på tiltaka, blir justeringane mindre om me har ei fast line å følgje, seier Bille-Larsen.
Han er uroa for at «jojo-bestemmingar» vil gjere det vanskeleg og lite føreseieleg for både folk flest og kommunar å handheve smittevernet.
— Helseministeren gav folk i 25 kommunar tilnærma utreisenekt for ei knapp veke sidan. Torsdag var det plutseleg trygt å opne for ferdsel att, men folk må handle heime. Kor er det mest trygt å handle, på eit storsenter eller på Kiwi Hagafoss? spør Bille-Larsen.
— Ballespark
Han meiner det er respektlaust å kome med eit slikt handelsråd og meiner regjeringa bør moderere det.
— Me lever av turistane. No seier regjeringa «greitt, reis på hytta, kos dykk og gå på ski, men ikkje legg att pengar der, for det kan vere farleg». Me har så god kontroll på smittevernet her. Både fastbuande og turistar respekterer bestemmingane. Under jul og nyttår hadde me opp mot 30.000 menneske i Hol, og det gjekk kjempebra, seier han.
Nettopp derfor kan han ikkje skjøne at ikkje folk skal få ta handelen sin i hyttekommunen.
— Me har lagt så mykje jobb i dette, både privat og offentleg sektor. Næringslivet og kundane er flinke til å følgje opp alle reglar. Min påstand er at det er langt tryggare å gjere handelen sin i Hallingdal. Her er det gode rutinar, og me passar godt på. Dette er eit ballespark til kommunar som heile vegen har vore flinke til å vareta smittevernet, seier Bille-Larsen.