Null smitte så langt i påska: - Folk er flinke

Publisert av Morten Hasås den 03.04.21.

- Folk er flinke og det har ikkje blitt registrert eit einaste smittetilfelle i Hallingdal sidan laurdag, skriver Hallingdølen på sine nettsider fredag 2. april.  Artikkelen er gjengitt i sin helhet her, følg linken nedenfor for å se artikkelen i Hallingdølen (innlogg nødvendig):

Null smitte så langt i påska: - Folk er flinke (hallingdolen.no)

– Det går så fint! Folk er flinke og følgjer anbefalingane, seier kommuneoverlege Camilla Underland i Hemsedal.  Hemsedal hadde utfordringar før påska. Nye smittetilfelle kvar einaste dag og krevjande sporingsarbeid gjorde at alle mann måtte til pumpene alt før høgtida starta. 

Frå måndag i veka før påske og fram til fredag, altså fem dagar, brukte sporingsgruppa i bygda 120 timar. Det vart altså ikkje snakk om å «kvile seg i form» til påske for dei som jobbar med beredskap i Hemsedal.

Derfor er det gledeleg å sjå kor godt det har gått hittil i påska.

– Me har god testkapasitet og kan både teste og gi folk råd før dei reiser heim, om det er behov for det, seier Underland.

Heller ikkje dei andre kommunane i Hallingdal har meldt om smittetilfelle dei siste dagane.