Riksvei 52 utvides

Publisert av Morten Hasås den 20.08.21.

Strekningen Eikredammen ved grensen til Hemsedal til Ulsåk på riksvei 52 skal rettes ut og bli bredere skriver Hallingdølen i en artikkel 19. august (2021).  Hovedmålet er å utvide brede på dagens vei.  Det skal også rettes ut kurver, bedre grøfting og sikring av sideterreng.  Arbeidet kommer tidligst igang mot slutten av 2022 ettersom det først må avklares med grunneiere, reguleringsplan må godkjennes av Hemsedal kommune og det må gjøres avtale med entrepenør.

Se link til artikkelen i sin helhet og link til artikkelen i Hallingendølen nedenfor:

Hallingdølen - 2021-08/19 (e-pages.dk)

Her blir Riksveg 52 breiare – startar neste år

Strekninga Eikredammen- Ulsåk skal rettast ut og bli breiare. Anleggsstart er venta mot slutten av 2022.

Det fortel Simen Haga, fungerande prosjektleiar i Statens vegvesen. Før ferien varsla vegvesenet om planoppstart på ein detaljreguleringsplan for vegutbetringar på ei seks kilometer lang strekning på Rv52.

– Legg Rv52 ein annan stad

I sommar har det kome inn i alt 14 innspel. Fire kommentarar er frå offentlege styresmakter. Det har også kome ti innspel frå privatpersonar på strekninga.

Hovudmålet er å utvide breid- da på dagens veg. Dei skal også rette ut kurvar, betre grøftinga og sikre sideterrenget.

Ifølgje Haga er det ingen tilbakemeldingar frå høyringsrunden som forkludrar planane.

– Me har gått gjennom alle innspel og ser ingen store utfordringar. Frå offentlege styresmakter er det standardsvar som viser til regelverket. Og frå grunneigarane er det både nyttig informasjon om lokale forhold og ønske og behov dei ber oss ta omsyn til, seier han.

– Får grunneigarane gjennomslag for det dei ber om?

– Langs vegen ligg det hus og gardar som har vegen tett på. Det er sjølvsagt nokon som gjerne skulle sett at Rv52 låg ein annan stad, men det har me ikkje mandat til å gjere, seier han.

Støy og trafikktryggleik er tema i nokre av tilbakemeldingane. Dette vil vegvesenet gå i dialog med grunneigarane om.

– Me er pålagd å gjere støymålingar og eg reknar med at dette vil avklare om det er eigedomar som har krav på støyskjerming, seier han.

– Ting tek tid

– Når kjem anleggsmaskinene for å starte jobben?

– Slike ting tek gjerne litt tid. Først må reguleringsplanen bli vedtatt i Hemsedal kommune. Og når det er på plass, må me gjere avtalar med grunneigarane og skrive kontrakt med entreprenør. Anleggsstart mot slutten av 2022 er truleg det raskaste me kan klare, seier Haga.