Golfalpin Golfbane i Hemsedal er nominert av World Golf Award til Norges beste golfbane i 2021 skriver Hallingdølen i en artikkel 18. august (2021): Siden 2015 har Golfalpin jobbet suksessivt med å fremme banen. Det er blitt lagt ned mye arbeid for å få banen slik den er i dag. Det er en fantastisk fjellbane. En perle som veldig få vet om, noe som er fryktelig trist sier seier Bent Ellingsen, daglig leder i Hemsedal Golfalpin Golfbane til Hallingdølen.
Artikkelen i Hallingdølen er gjengitt i sin helhet nedenfor og kan leses på nett ved å følge linken nedenfor:
Nominert til Norges beste golfbane (hallingdolen.no)
Har du lyst til å spille golf i Hemsedal? Hemsedal har to golfbaner, følg denne linken for å lese mer.
Nominert til Norges beste golfbane
Artikkelen er skrevet av Preben Ørpetveit Solberg (ps@hallingdolen.no) og ble publisert: 18.08.2021 09:46
Golfalpin Golfbane i Hallingdal er nominert av World Golf Award til Norges beste golfbane i 2021. Det er dagleg leiar i Hemsedal Golfalpin Golfbane, Bent Ellingsen, strålande fornøgd med.
— Det er moro det her, moro for dei som jobbar her. Det er noko av det beste, å bli sett litt pris på, fortel han entusiastisk.
Ei skjult fjellperle
Sidan 2015 har dei jobba suksessivt med å fremje banen. Det er blitt lagt ned mykje arbeid for å få banen slik han er i dag.
— Som sagt; han er nominert til ein av Norges beste banar. Det er ein fantastisk fjellbane. Ei perle som veldig få veit om, noko som er frykteleg trist, seier Bent Ellingsen.
Nominasjonen fører med seg mykje motivasjon inn i framtida. Førre veke kom diplomet på at dei er nominert av World Golf Award, i kategorien Norges beste golfbanar.
Bent Ellingsen er dagleg leiar på Hemsedal Golf Alpin. Han er fornøgd med nominasjonen.
– Me skal bruke dette for kva det er verdt
I same kategori er det 10 andre golfbanar, blant anna banar i Oslo, Lofoten og Stavanger. Korleis golfbanen mellom Gol og Hemsedal blei vald, veit ikkje Bent Ellingsen. Det er i alle fall ikkje dei som har nominert seg sjølv.
— Me har mykje utanlandske gjester, svenskar, nederlendarar og tyskarar, mykje gjestespelarar. Me veit aldri kven som spelar her, fortel han.
— Kva gjer de for å vinne?
— Me prøver jo å sanke stemmer, men me vinne ikkje. Dei me konkurrere mot har fleire tusen medlemmer. Me er ein liten klubb, så me skal bruke dette for kva det er verdt.
Han håpar at nominasjonen vil bringe med seg mange nye gjester. Ellingsen fortel at banen får mykje skryt om dagen.
Han oppfordrar alle til å kome og teste den einaste 18-hol banen i Hallingdal og Nore og Uvdal.
— Me har fått bygd ut ein «Proshop». Der me har tilgjengeleg alt som trengst for å spele golf, fortel han.