Skarsnuten blir dobbelt så stor

Publisert av Morten Hasås den 13.10.21. Oppdatert 09.11.21.

Foto: Line Sandvik / Hallingdølen

Skarsnuten hotell under Røggjin eller Lille Matterhorn som det kalles på "alpinspråket" er nå under utvidelse og blir dobbelt så stort skriver Halllingdølen på sine nettsider 3. oktober 2021.

Det bygges ut omtrent like mange kvadrat som hotellet er i dag, fra 3500 til 7000 m2 og i tillegg bygges det en parkeringskjeller på 1500 kvm.  Restauranten bygges ut nordover, kapasiteten utvides fra 37 til 88 rom, det blir ny konferanseavdeling og bankettsal som kan ta opp til 600 gjester. 

I tillegg bygges det ny spa og velværeavdeling med badekulper både inne og ute.  Det blir helårsdrift fra 2023, men hotellet stenger dørene etter skisesongen i år og åpner igjen i desember 2022.

Artikkelen i Hallindølen er gjengitt i sin hehet nedenfor og kan leses på Hallingdølens nettsider ved å følge linken nedenfor:

Skarsnuten blir dobbelt så stort (hallingdolen.no)

Se også artikkel på Hemsedal.com:

Hemsedal | Skarsnuten Hotell utvider

 

Skarsnuten blir dobbelt så stort

Sida 2002 har Skarsnuten hotell lege som ei lita perle oppe i fjellheimen. No skjer det store ting der.

Foto:  Privat / Hallingdølen

 – Det har vore vanskeleg å drive heilårsdrift på Skarsnuten. Me har hatt store fellesareal, men for få rom og liten plass for konferansar, seier dagleg leiar Robert Norman. Han har vore tilsett ved hotellet sida 2009. I 2011 fekk dei nye eigarar. Jørgen Cato Brock har hatt ein langsiktig plan for området. Skarsnuten 905 er vorte nok eit populært eigedomsprosjekt der første og andre byggetrinn er utselt. Tredje byggetrinn blir lansert no.

– Sal av leilegheitene i 905 har lagt grunnlaget for utbygging av hotellet, fortel Norman. Planane har vore knadd på sida 2014. No skal det nye hotellet stå ferdig i desember 2022.

Spa og konferanse

Frå før har Skarsnuten hotell hatt 37 rom og 20 leilegheiter å tilby kundane sine. No blir det i tillegg konferansesal med plass til 300 og storslått utsikt, spa og velværeavdeling med badekulpar. Det blir ny restaurant og fellesområde og til saman 88 rom og 20 leilegheiter å tilby gjestene. Store forandringar der ein faktisk kan ta opp til 600 personar til middag. Det blir ny bankettsal til bryllaup og liknande.

– Gøy å ha ein eigar som har lyst til å satse. Me har lege litt lågt med å gå ut med planane, fortel Norman. Men no er det vanskeleg å unngå å sjå at det skjer store ting ved hotellet.

Dei bygg ut omtrent like mange kvadrat som hotell er i dag. Frå 3500 til 7000 kvm. I tillegg kjem ein parkeringskjellar på 1500 kvm. Restauranten blir bygd ut nordover, og konferansesalen, nye rom og terrassen får ei av dei råaste utsiktene i dalen.

 

Blir heilårsdrift

– Det blir ei stor omvelting.

– Veldig. Men me er superklare. No blir her heilårsdrift. Me slepp jage etter personale. Me har vore to heilårstilsette, no blir me ein fast stab på 15. I tillegg til ein 40-50 tilsette sesongbasert. Hemsedal har blomstra dei siste to somrane. Det er fantastisk at hotellet Fyri også er kome. No kan me ta posisjon mot Geilo og Norefjell. Med heilt nye og lekre hotell. For få år sida fanst det ikkje eit basseng i Hemsedal. No blir her fleire. Spaavdelinga vår er 250 kvm pluss uteareal med badekulp både ute og inne. Få slår oss på utsikta. Me får også den råaste uteserveringa. Her ser ein overalt. I alle retningar, seier Norman.

Stenger i eit halvt år

Skarsnuten stenger dørene etter skisesongen i år. Frå mai 2022 til opning i desember 2022.

Utbygginga får ein pris på kring 150 millionar kroner. Det er arkitektane Halvorsen og Rein som har teikna nye Skarsnuten, same arkitektfirma som har bygd Son Spa, Farris Spa og The Well.

– Så dette kan dei, seier Norman

– Korleis går det med å få tak i tilsette?

– Det går greitt i år, men me har slite under heile sommaren. Me måtte stenge nokre dagar, men no ser det ut til å losne, seier Norman.

– Korleis har det vore å vere byggherre?

– Ei bratt læringskurve og 200 stillingsprosent i hovudet, smiler dagleg leiar som er glad dei bygger no og ikkje rett før pandemien.

– Me har hatt ein eigar som har tenkt langsiktig og alle planar er godt gjennomarbeidd. Me har hatt god dialog med kommunen og ein enorm runde med naboar. Det har vore ein lang prosess, fortel Norman. No gler han seg til framtida.