Kamp om nye leieligheter på Skarsnuten 905

Publisert av Morten Hasås den 27.10.21.

Foto:  Skarsnuten905.no

Folk er desperate etter å få tak i leileligheter på fjellet, forteller eiendomsmegler Victoria Follesø til Hallingdølen i en artikkel publisert på nettet 26. oktober (2021). 

14 personar kjempet om åtte leieligheter i prosjektet Skarsnuten 905, alle 8 ble solgt på to dager.  Salget av tredje trinn av utbyggingen gikk over all forventing, chalet-leielighetene oppe i fjellet ved Skarsnuten skal stå ferdig til 4. kvartal i 2022. Den eventyrlege utsikten kan ta pusten frå de fleste, leielighetene holder høy kvalitet og høy pris, men det siste ser ikke ut til å ta pusten frå kjøperene i markedet. 

Det er også full fart i salget i Fridalen (helårsleieligheter) og det nye prosjektet Alpelia der 5 av 14 leieligheter allerede er salgt.  Og det er de dyreste leielighetene som gikk først.

Artikkelen i Hallingølen.no er gjengitt i sin helhet.  Se også link til artikkelen og prosjektene nedenfor:

14 personar kjempa om åtte leilegheiter (hallingdolen.no)

Skarsnuten 905

Fridalen Hemsedal

Alpelia Hemsedal

 

14 personar kjempa om åtte leilegheiter

Folk er desperate etter å få tak i leilegheiter på fjellet, fortel eigedomsmeklar Follesø.  Alle åtte leilegheitene i eit prosjekt vart selt på to dagar.  15. oktober var det sal-start på dei åtte eksklusive leilegheitene i Skarsnuten 905. Første dagen vart seks av leilegheitene selt. Dagen etter gjekk dei to siste. Meklarane kunne selt seks leilegheiter til med det same. Kjøpelysten er svært stor. No må dei interesserte vente til neste byggetrinn blir lagt ut. Kanskje det blir salstart i løpet av vinteren på dei.

Tredje trinn

Våren 2019 vart prosjektet Skarsnuten 905 lansert. 19 leilegheiter i trinn 1 og trinn 2 er teke over av nye, nøgde eigarar. Storleiken ligg på frå 85 kvm, med prisar frå litt over fem millionar til over ni millionar.

Trinn tre gjekk over all forventing. Chalet-leilegheitene oppe i fjellet ved Hemsedal Skisenter skal stå ferdig til 4. kvartal i 2022. Den eventyrlege utsikta kan ta pusten frå dei fleste. Og leilegheitene held høg kvalitet. Og høg pris, men det siste ser ikkje ut til å ta pusten frå kjøparane i marknaden.

— Me hadde 14 signeringar på dei åtte leilegheitene. Då vart det loddtrekning, fortel eigedomsmeklar Victoria Follesø i Eiendomsmegler 1, Fjellmegleren.

Halvparten selt

Tomannsbustadane i bustadprosjektet Fridalen i Hemsedal hadde salstart 20. oktober. Her er alt halvparten selt. Tre av dei dyraste, av dei seks nye leilegheitene, gjekk første dagen. Truleg går det eit par til denne veka.

Leilegheitene er frå 75 til 85 kvm, til ein pris frå 4,4 millionar til 6,8. Dei ligg i eit nytt bustadområde i bygda, på solsida mellom Trøim sentrum og skisenteret.

— Her har mange ringt og lurt på om dei kan nytte leilegheitene i Fridalen som hytte. Det kan ein ikkje, påpeiker Follesø.

Bodrundar i Alpelia

Alpelia Hemsedal er eit anna, nytt leilegheitsprosjekt som kjem i tilknyting til Hemsedal skisenter. Totalt er planen 29 leilegheiter fordelt på to bygg og to rekker med chaleter. Ski inn og ut er sjølvsagt. Planen er å begynne å selje leilegheitene før jul.

No ligg bygg C ute for sal frå 22. oktober, med 14 leilegheiter frå 69-101 kvm. Kvar leilegheit her får to garasjeplassar under bygget. Det er planlagt byggjestart til våren.  — Me hadde to bodrundar der i går, fortalde Follesø før helga.  — Det er superinteresse. Folk er heilt desperate, ler ho.

No er fem av dei 14 leilegheitene selt. Prisane i Alpelia er frå 5,4 millionar kroner og opp til 9.750.000. Me kan røpe at ei av dei dyraste alt er selt.