UTSATT: Ny nettleiemodell fra 1. januar 2022

Publisert av Morten Hasås den 14.12.21. Oppdatert 22.12.21.

Foto: Hemsil Nett

Siste oppdatering:  

Hemsil Nett beheld dagens prismodell på nettleige også frå 1 januar 2022. Dette fordi regjeringa, saman med SV har valgt å utsetja ny modell. Se lenken nedenfor:

www.hemsinett.no/ny-nettleige-fra-2022

-------------------------------------------------

Hemsedal Energi har skiftet navn til Hemsil Nett.  Hemsil Nett vil som andre energiselskap innføre ny prismodell for nettleie fra 1. januar 2022, noe som er bestemt av myndighetene og skal gjelde for alle i hele Norge. 

Formålet er å få jevnet ut forbruket gjennom døgnet, slik at man ikke får de høye forbrukstoppene og får med det utnyttet strømnettet bedre.  Hemsil Nett vil følge samme modell som majoriteten i bransjen der fastbeløpet på nettleie blir delt opp i flere ledd der den timen i måneden du har høyest gjennomsnittlig strømforbruk avgjør hvilket ledd du kommer inn i, og hvilken pris du betaler.

Hemsil Nett skriver følgende på sin nettside (følg linkene nedenfor for å se hva Hemsil Netts hjemmeside):

Ny nettleige frå 2022 (hemsilnett.no)

Ny nettleigemodell gjeldane frå 1. januar 2022 (hemsilnett.no)

 

Ny nettleige frå 2022

Frå og med 1. januar 2022 blir det innført ny prismodell for nettleige. Dette er bestemt av myndigheitene og skal gjelde for alle i heile Norge.

 

Formålet er å få jamna ut forbruket gjennom døgnet, slik at vi ikkje får dei høge forbrukstoppane. Då får vi utnytta straumnettet bedre.

 

Hemsil Nett må også endre sin nettleigestruktur. Vi følger same modell som majoriteten i bransjen.

 

Samla nettleige vil ikkje bli endra, for dette er strengt regulert frå myndigheitene. Det vil bli endring ved at dei som bruker straumen smartare vil kunne spare penger og dei som ikkje tilpasser seg kan risikere å måtte betale meir.

 

Hovedforskjellen frå i dag er at fastbeløpet blir delt opp i fleire ledd. Det som avgjer kva for ledd du kjem i kvar månad, er den timen i månaden du har høgast gjennomsnittleg straumforbruk.

 

Enkelt forklart vil du betale mindre dersom du har eit jamnt straumforbruk gjennom heile dagen, enn om du bruker det meste av straumen i løpet av nokon få timar.

 

Kvifor blir nettleiga endra?

 

Den nye modellen skal motivere til å bruke straumen smartare enn i dag. Teknologien skal hjelpe oss med dette og behov for utbygging av straumnettet vil kunne reduserast.

 

Dette er god samfunnsøkonomi og på sikt vil det kunne gi lågare nettleige.

 

Nettleigeprisar frå 1. januar 2022

 

- Priser for alle privatkunder og alle næringskunder med forbruk under 100 000 kWh/år

nettleige

 

*Den timen i månaden du har høgast gjennomsnittleg straumforbruk (månadsmaksimal) avgjer kor mykje du skal betale i fastbeløp. T.d. vil ein månadsmaksimal på 7 kW plassere deg i fastleddtrinn 5-10 og prisen vil bli kr. 457,50,- denne månaden.

 

Pris kraft levert av netteigar:



AVGIFTER TIL STATEN


Forbruksavgift for 2022 er delt opp i to bolkar. Ein tariff gjeld frå januar til mars, medan den andre er gjeldane frå april til desember. Takstane er 8,91 (jan-mars) og 15,41 (april-des) øre/kWh.


Kunder som har avgiftskode der dei to fyrste sifferer mellom 5 - 33, har redusert avgift.


Satsen for redusert avgift for 2021 er 0,546 øre/kWh


Avgift til Energifondet (ENOVA)


Privat 1 øre/kWh - Industri og Næring 800 kr/år


Meirverdiavgift er 25 % og kjem i tillegg.