Hyttehemsedølen - Informasjonsmøte 12 januar 2022

Publisert av Morten Hasås den 10.01.22. Oppdatert 19.01.22.

Hemsedal kommune ved ordfører Pål Rørby, kommunedirektør Stephan Gundersen og kommuneoverlege Camilla Underland inviterer til informasjonsmøte hvor de skal gå gjennom blant annet status smitte, tiltak satt i verk og hvordan de ser for seg videre vinter 2022. 

Lenke til teamsmøtet: https://bit.ly/3f81GEt

Lenke til folkemøtene på Hemsedal Kommunes hjemmesider: Digitale folkemøter (hemsedal.kommune.no)

Lenke til innsillingen av dette folkemøtet: Innspilling av folkemøte for Hyttehemsedøler 12. januar 2022.mp4

Det har vært en plutselig og kraftig økning i antall smittetilfeller i Hemsedal etter nyttårshelga. Et større utbrudd ga 39 positive tilfeller i løpet av mandag og tirsdag etter nyttår og tallet var innen ukeslutt kommet opp i nærmere 100.

Camilla Underland har travle dagar som kommuneoverlege i Hemsedal og sier følgende til Hallingdølen i en artikkel publisert 8. januar (2022):

– Om me framleis ser slike tal som me har gjort denne veka, vil det bli veldig krevjande.  Me må vere budd på ei vinterbølgje der konsekvensane kanskje ikkje er så alvorlege med tanke på sjølve smitten.  Men verre når det gjeld bemanning, om mykje folk hamnar i karantene. Det kan bli spesielt utfordrande for Hallingdal, sidan me er i høgsesong.  Det er eit ugunstig tidspunkt.  Men me greier dette også.

Artikkelen er gjengitt i sin helhet nedenfor, følg linken nedenfor for å lese artikkelen på Hallingdølens nettsider (innlogg nødvendig):

– Om me framleis ser slike tal som me har gjort denne veka, vil det bli veldig krevjande (hallingdolen.no)

 

– Om me framleis ser slike tal som me har gjort denne veka, vil det bli veldig krevjande

Om dei høge smittetala held fram kan både helsevesenet og næringslivet møte store utfordringar.

– Me må vere budd på ei vinterbølgje der konsekvensane kanskje ikkje er så alvorlege med tanke på sjølve smitten. Men verre når det gjeld bemanning, om mykje folk hamnar i karantene. Det kan bli spesielt utfordrande for Hallingdal, sidan me er i høgsesong, seier kommuneoverlege i Hemsedal, Camilla Underland.  – Det er eit ugunstig tidspunkt. Men me greier dette også.

Auka i smitte kom brått i Hemsedal etter nyttårshelga. Eit større utbrot gav 39 tilfelle i løpet av måndag og tysdag. Då Hallingdølen snakka med Underland fredag, var talet kome opp i nærmare 100.

100 smitta på fem dagar er eit høgt tal. Også nasjonalt blir det stadig sett nye smitterekordar. Men det er eit lyspunkt i det heile: Talet på innlagde går ned, og folk blir ikkje veldig sjuke.

Har fått kontroll

Det er godt nytt. Likevel står helsevesenet i ein pressa situasjon. Smittesporarar jobbar på spreng, det same gjer dei som tek seg av testing og oppfølging. Kvart smittetilfelle skal følgjast opp og kartleggast.

– Me opplever at me har kontroll på smitta i Hemsedal no. Men det kjem stadig nokre slengarar frå utbrotet sist helg, seier Underland.

Det var ein stor del sesongarbeidarar involvert i dette utbrotet. Fleire bedrifter har fått merke dette, blant desse Skarsnuten, som Hallingdølen skreiv om denne veka. Onsdag hadde dei registrert 11 av 45 tilsette som smitta.

– Me hadde eit møte med næringa torsdag kveld, der me blant anna evaluerte denne episoden. Me har ikkje registrert smitteoverføring frå tilsette til gjester, det er veldig positivt. Det tyder på at rutinane er gode, seier Underland.

Mange kan få trøbbel

Samtidig snakka kommunen med bedriftene om korleis dei skal bu seg på den kommande smittebølga.

– Sidan me er i høgsesong reknar me med at mange blir sett ut av spel, meir enn at dei blir sjuke. Det kan gå utover bemanninga hjå mange, seier Underland.

Av rundt 100 smitta i Hemsedal no, er 78 eigne innbyggarar. Det kjem stadig eit tilfelle her og eit tilfelle der, men det er ikkje registrert ukontrollerte utbrot. Eit høgt smittetal krev likevel mykje av helsevesenet.

– Om me i tida framover ser slike tal som me har gjort denne veka, vil det bli veldig krevjande med tanke på smittesporing, seier Underland.