Ingen ny Rv52 fra Gol til Robru før 2050

Publisert av Morten Hasås den 24.01.22.

Foto: Ragnar Hilde, Hallingdølen.  Kartutsnitt: Finn.no kart.

-Det er ikkje planlagt utbetrande tiltak på Rv52 mellom Gol og Robru, fordi det skal kome ein ny vegtrasé. Tidsperspektivet for den er 2050, skriver Hallingdølen på sin nettside 19. januar (2022).  -Natt til fredag 14.01.22 hamna fleire store køyretøy i eit uhell på Rv52 ved Spildra i Gol. Det har igjen løfta debatten om behovet for ny vegtrase.

Knut Erik Skogen, som er prosjektleiar i Statens vegvesen, seier at vegvesenet over fleire år har jobba med ulike alternativ for strekka mellom Gol og Robru. Det som per no ligg nærmast å kunne løyse utfordringane, er ein trase aust for Gol, i staden for vest.  Vegvesenet har sett på moglegheita for å leggje om Rv7 frå Svenkerud, finne ein trase opp mot Gol aust og ta seg opp til Robru kor du kan kople deg på Rv52 igjen, seier Skogen. Dette er skissert i konseptvalutgreiinga (KVU) Gol-Voss, som har eit tidsperspektiv fram til 2050.

Artikkelen fra Hallindølen er gjengitt i sin helhet nedenfor, og kan leses på Hallindølen.no ved å følge lenken nedenfor (innlogg nødvendig):

Ingen ny veg her dei neste 12 åra - og heller ikkje utbetringar (hallingdolen.no)

 

Ingen ny veg her dei neste 12 åra - og heller ikkje utbetringar

Det er ikkje planlagt utbetrande tiltak på Rv52 mellom Gol og Robru, fordi det skal kome ein ny vegtrasé. Tidsperspektivet for den er 2050.Ordførar i Gol, Heidi Granli (Ap), ber Statens vegvesen prioritere ny vegløysing mellom Gol og Hemsedal.  

Ulykka, der to trailerar, ein minibuss og tre bussar køyrde inn i kvarandre sist veke, har for alvor sett temaet på dagsorden att.

Men det er lite som tydar på at ny vegtrasé er på trappene:

— Når ein går inn og ser på Nasjonal transportplan (NTP) ligg det ingenting inne dei neste 12 åra, seier Knut Arne Gurigard i Regionrådet for Hallingdal.

Vil leggje vegen aust for Gol

Det er alltids mogeleg å få kjempa inn saker politisk, men Gurigard er tydeleg på at ny trasé uansett ligg langt fram i tid. Det er også signalet frå Knut Erik Skogen, som er prosjektleiar i Statens vegvesen.

Skogen seier at vegvesenet over fleire år har jobba med ulike alternativ for strekka mellom Gol og Robru. Det som per no ligg nærmast å kunne løyse utfordringane, er ein trase aust for Gol, i staden for vest.

— Vegvesenet har sett på moglegheita for å leggje om Rv7 frå Svenkerud, finne ein trase opp mot Gol aust og ta seg opp til Robru kor du kan kople deg på Rv52 igjen, seier Skogen. Dette er skissert i konseptvalutgreiinga (KVU) Gol-Voss, som har eit tidsperspektiv fram til 2050.

— Men det er for tidleg å sjå skildringane rundt dette i NTPen som ligg inne no, fortel Skogen.

— Drift og vedlikehald som gjeld

Med andre ord ligg ny vegtrasé for Rv52 på vent i denne NTP-perioden, som går til 2033. Spørsmålet er då om ein kan vente utbetrande tiltak mellom Gol og Robru i same periode. Det fortel Knut Erik Skogen at ikkje ligg inne som ein prioritet, sjølv om han er samd i at partiet er utfordrande for tunge køyretøy.

— Men det er også snakk om eit veldig vanskeleg terreng. Det mest aktuelle er difor å avløyse med ein ny trasé.

Ordføraren i Gol tek til ordet for å senke fartsgrensa der ulykka skjedde sist veke. Skogen seier det kan vere sikkerheitsmessige årsaker til å vurdere mellombels tiltak.

— Samstundes er det viktig for desse tunge bilane å halde jamn fart, så dei ikkje blir ståande på veg oppover, seier Skogen. Fram til den nye traseen blir konkretisert og vedtatt, er det difor drift og vedlikehald som gjeld på den omdiskuterte strekninga opp mot Robru. I mellomtida er det andre parti på Rv52 som får utbetringar.

– Det som kanskje er aller viktigast no, er å få landa trasevalet. At ein har klare planar gjer det lettare å kome seg opp i køen, seier Gurigard. Dessutan er det viktig for vidare planarbeid i Gol. Så lenge traseen ikkje er spikra, legg dei ulike alternativa beslag på mykje areal i kommunen.

– Må lande trasevalet

Knut Arne Gurigard, seniorrådgjevar i regionrådet, er tydeleg på at prosjektet med ny trase for Rv52 er ein prioritet for Hallingdal. Det har stått på ønskelista i mange år. I og med at NTP blir revidert kvart fjerde år, er det framleis mogeleg å klatre seg oppover i køen. Men det er ein stor kamp om pengane:

– Det som kanskje er aller viktigast no, er å få landa trasevalet. At ein har klare planar gjer det lettare å kome seg opp i køen, seier Gurigard. Dessutan er det viktig for vidare planarbeid i Gol. Så lenge traseen ikkje er spikra, legg dei ulike alternativa beslag på mykje areal i kommunen.