Kommunestyret i Hemsedal behandlet kommunebudsjettet for 2023 og økonomiplanen for de neste årene i sitt møte onsdag 14. desember.
I tråd med anbefalingen fra kommunedirektøren justerte kommunestyret opp satsen for eiendomskatt fra to til tre promille neste år og la samtidig opp til å øke videre til fire promille i 2024. Det ble imidlertid innført et bunnfradrag på en million per bosetning som gjør økningen litt mindre.
Den nye ordningen fører ikke til økte skatteintekter for kommunen neste år men en annerledes fordeling. - Grendene får endå større rabatt, mens folk i sentrum blir straffa, skriver Hallingdølen i sin nettutgave, og på samme måte vil større/nyere hytter få høyere beskattning mens mindre/eldre hytter får lavere eiendomskatt. Økningene fremover i tid vil imidlertid øke kommunens inntekter på eiendomskatt fra dagens 28,8 til 38 mill. kr. i 2026 så skattetrykket øker også i årene fremover.
HemFri har regnet på hvordan dette slår ut og kommet frem til at hytter med verdi på 4. mill. eller lavere kommer bedre ut for 2023 enn 2022, se tabellen nedenfor.
Kommunestyret i Hemsedal budsjetterer forøvrig med et netto driftsresultat på 32 millioner i 2023 og vedtok samtidig å øke driftsrammen til kommunedirektøren med 5,5 mill. fordelt på sentraladmin 1 mill. / helse og omsorg 1 mill. / oppvekst 2 mill. og teknisk 1,5 mill.
Sum driftsinntekter: 393 mill.
* Rammetilskudd: 73,8 mill.
* Inntekts- og formueskatt: 113,3 mill.
* Eiendomsskatt: 28,8 mill.
Sum driftsutgifter: 358 mill.
* Lønnsutgifter: 161,7 mill.
* Sosiale utgifter: 41,3 mill.
* Kjøp av varer og tenester: 111,3 mill.
Investeringer
Neste fireårsperiode legger kommunestyret opp til 146 millionar i investeringer der mesteparten skjer i siste del av perioden.
* Helsehus og nye omsorgsbustader på Bråtenjordet: 76 millionar
* Basishall ved skulen: 30 millionar
* Barnehage: 40 millionar
Følg lenken for å lese artikkelen i Hallingdølen (innlogg nødvendig). Artikkelen er også gjengitt i sin helhet nedenfor.
Ny ordning for eigedomsskatt:
– Grendene får endå større rabatt,
mens folk i sentrum blir straffa
Hemsedal kommunestyre vedtok å skru opp promillesatsen og innføre botnfrådrag.
Onsdag banka politikarane kommunebudsjettet for 2023 og økonomiplanen for dei neste åra. Det som skapte debatt var ei ny innretning av eigedomsskatten.
I tråd med tilrådinga frå kommunedirektøren justerer kommunestyret opp skattesatsen frå to til tre promille neste år, og legg opp til å auke vidare til fire promille i 2024. Til gjengjeld innfører dei eit botnfrådrag på éin million per bueining.
Justeringa vart vedtatt med knappaste fleirtal, med ni (6 Sp, 2 Ap, KrF) mot åtte stemmer.
Robin Hood-politikk
Den nye ordninga vil på kort sikt ikkje føre til at kommunen hentar meir i eigedomsskatt. I 2023 budsjetterer dei med 28,8 millionar i eigedomsskatt, mot 33,4 millionar i år. Men mot slutten av perioden legg dei likevel opp til at eigarar av hus, hytter og næringseigedomar skal bidra med høgare inntekter, 38 millionar i 2026.
Hovudargumentet for endringa er at botnfrådrag vil gje ei anna fordeling og ein betre sosial profil, ala Robin Hood i Sherwoodskogen, som stal frå dei rike for å gje til dei fattige.
– Frådraget gjer at mange vil få eit lågare skattetrykk. Men folk som har store bustader med høg verdi, vil få noko høgare kostnader, sa kommunedirektør Stephan Gundersen til kommunestyret onsdag kveld.
Geografisk skeivfordeling
Høgre åtvara sterkt mot endringa og fremja forslag om å la eigedomsskatten stå uendra. Høgre fekk støtte frå HBL, V og SV, og mangla berre ei stemme for å sikre fleirtal.
Jan Egil Halbjørhus (H) fortel at partiet har rekna på korleis den nye modellen vil slå ut for bustadeigarar i ulike deler av kommunen. Hovudbiletet er at grendene får meir rabatt enn i dag og at folk i sentrum vil oppleve ei kraftig skatteskjerping.
– Grendene har frå før lågare sonefaktor, som reduserer skattegrunnlaget. Så kjem det nye botnfrådraget på toppen. I grendene blir det nesten ingen ting att av eigedomsskatten, mens det slår feil ut for folk som bur i sentrum. Huseigarar i sentrum får rekninga, mens dei som bur på Tuv og Ulsåk får rabatt, seier Halbjørhus.
Sentrum og periferi
Hallingdølen har bedt om eksempel på korleis Høgre meiner endringane vil slå ut for to nyare einebustader i ulike deler av kommunen:
* På grunn av lågare sonefaktor vil bustaden på Svøo ha verditakst på to millionar og betale 2800 i eigedomsskatt i dag. Om satsen aukar til fire promille i 2024, vil likevel skatterekning bli redusert til 1600 kroner på grunn av botnfrådraget på éin million.
* Ein einebustad på Trøym, med seks millionar i verditakst, betaler i dag 8400. Her er det ingen sonefaktor som trekkjer ned skattegrunnlaget. Om skattesatsen aukar til fire promille i 2024, må dei ut med 12.800 kroner i eigedomsskatt etter at botnfrådraget er trekt frå.
– Sosial utjamning?
– Og det som gjer saka endå verre, er at du får éin million botnfrådrag per bueining. Det betyr at eit bustadhus med to utleigeeiningar vil få tre millionar i botnfrådrag. Og for kvar million i botnfrådrag, sparer du 4000 i eigedomsskatt, seier Halbjørhus.
Bustadeigarar utanfor sentrum kan ende opp med null eigedomsskatt, særleg dei som har einingar til utleige.
– Dette er sjølvsagt gledeleg for dei det gjeld. Det finst hemsedølar som kan gå jula lyst i møte, men viss poenget er betre sosial fordeling, lurer eg på korleis fleirtalet har tenkt. Dei som har utleigeeiningar har jo betre skatteevne enn folk som ikkje har leigeinntekter, seier Halbjørhus.
– Store forskjellar
Nils Erik Finset (Sp) var del av fleirtalet som stemte for å auke skattesatsen og innføre botnfrådrag. Hallingdølen har bedt om ein kommentere til Høgre sitt reknestykke. Legg me rekneeksempelet til grunn, betaler sentrumseigedomen 5600 meir i eigedomsskatt enn huseigaren på Svøo etter dagens ordning. Forskjellen vil auke til 11.200 med botnfrådrag og promillesats på fire.
– Eg er samd i at det er ein stor forskjell, men eg er ikkje sikker på om husa i eksempelet er representative. Har Halbjørhus sett det miste huset på Svøo opp mot det største og dyraste på Trøym?, spør han. Finset reagerer dessutan på at Høgre bles opp ein promillesats som ikkje er reell. At det er planar om å auke satsen på sikt, betyr ikkje at det er sikkert at det skjer.
– Me har ikkje vedtatt ein promillesats på fire. Neste år blir promillesatsen tre, og kommunen gir dermed ei skattelette på mellom fire og fem millionar. Det kan ikkje Halbjørhus springe ifrå, seier han.
Skatt etter evne
Han seier målet med den nye ordninga er å få ei ordning som gir ein betre sosial profil på eigedomsskatten.
– Eg står for det me har gjort. Dei som har mindre hus og hytter, får lågare skatt, mens dei som har eigedomar med høg verditakst og sentral plassering, må betale noko meir. Eig du hus til seks millionar i sentrum, er det ikkje urimeleg om du bidreg litt meir til fellesskapet. Då har du fått lån i banken og har også ei inntekt som toler det. Det er vanskeleg å lage ordningar som treff heilt rettferdig. Men som oftast er det likevel ein samanheng mellom folk si inntekt og verdien av huset dei eig. Og då er dette ei ordning som fører til at folk betaler skatt etter evne, seier han.
– Men blir det for skeivt, må me sjølvsagt ta ei ny vurdering, seier Finset og minner om at både promillesatsen og botnfrådraget kan justerast kvart år i budsjettmøtet.