Foto: Line Sandvik, Hallingdølen
Flere hyttefolk i Totteskogen-området har opplevd å få parkeringsgebyr etter å ha kjørt innom returpunktet ved Fyri Resort skriver Hallingdølen på sin nettutgave 3.mars (2023). Hyttefolk i Totteskogen har fått parkeringsgebyr etter å ha kjørt innom det kommunale returpunktet for avfallslevering, like ved Fyri Resort i Hemsedal.
De som skal levere søppel må nemlig kjøre inn på parkeringsplassen. Der blir man automatisk registrert når man kjører inn og ut. Problemet kommer når bilen ikke blir registrert ved utkjøring, før neste gang man er innom for å levere søppel - for eksempel helgen etter. Flere har også reagert at de blir tatt bilde av ved inn- og utkjøring, hver gang man skal levere søppel. – Returpunktet burde vært organisert på en bedre måte, sier Johnny Christiansen til Hallingdølen og legger til at det heller ikke er gøy om søndagene, når det står 10-15 biler der som skal kaste søppel. Hallingdølen skrev om et søppelberg på returpunktet 28. februar (2023), etter at plassen var overfyllt med avfall etter vinterferien:
Søppelberg etter vinterferiegjestene: Er det nye returpunktet bygd for lite? (hallingdolen.no)
Artikkelen i Hallingdølen er gjengitt i sin hehet nedenfor:
Hytteeigarar reagerer på p-avgift:
– Me fekk eit gebyr på 600-700 kroner etter å ha levert søppel
Kamera registrerer bilar på veg inn - sjølv om dei berre skal tømme søppel. Problemet oppstår når bilane ikkje vert registrert på veg ut att.
Hyttefolk i Totteskogen har fått parkeringsgebyr etter å ha køyrd innom det kommunale returpunktet for avfallslevering, like ved Fyri Resort i Hemsedal.
Dei som skal levere søppel må nemleg køyre inn på parkeringsplassen. Der blir ein automatisk registrert når ein køyrer inn og ut. Problemet kjem når bilen ikkje blir registrert ved utkøyring, før neste gong ein er innom for å levere søppel - for eksempel helga etter.
– Me har opplevd det sjølv, seier hytteeigar i Totteskogen, Johnny Christiansen.
600-700 kroner
– Me fekk eit gebyr på 600-700 kroner etter å ha levert søppel, fortel han. Det vart oppdaga litt tilfeldig, då bilen til familien er registrert via ein parkeringsapp. Appen har automatisk trekk for parkering frå bankkontoen til Christiansen.Det var Christiansen som oppdaga at kona hadde vorte registrert for ei vekes parkering utanfor Fyri. Det synte seg at ho berre hadde vore innom returpunktet med søppel to helger på rad - og vart ikkje registrert for utkøyring før siste veka.
– Eg sende ein e-post til parkeringsselskapet. Me fekk attende pengane, men eg trur det tok nærare seks veker før dei stod på konto, fortel han.
– Så det kan vere tilfeldig at ein oppdagar dette?
– Heilt klart. I mitt tilfelle fekk eg beskjed om at var trekt på konto. Det var då eg spurte kona om ho hadde parkert der, seier Christiansen.
Mange tilfelle
Christiansen fortel at det er mange liknande tilfelle. Returpunktet blir nytta av mange hyttefolk og folk som har fritidsbustad i området, mellom anna i Tottelia, Totteskogen, Totten Lodge, sameiget Fyri.
– Ved ein glipp kan det hende at dei ikkje blir registrert når dei køyrer ut att etter å ha vore på returpunktet med søppel, seier Christiansen.
Han er leiar i velforeininga Totteskogen Hytteeierforening og har fått mange innspel om saka.
Dei har bede om svar. Parkeringsselskapet forklarer at på grunn av snø og skitne bilskilt kan det skje manglande registrering ved utkøyring.
Dårleg organisert
Fleire har også reagert at dei blir teke bilete av ved inn- og utkøyring, kvar gong dei skal levere søppel.
– Returpunktet burde vore organisert på ein betre måte. Det er heller ikkje gøy om sundagane, når det står 10-15 bilar der som skal kaste søppel, seier han.
– Er returpunktet dårleg planlagt?
– Det er ikkje planlagt, rett og slett. Returpunktet skulle eigentleg ikkje liggje der, men på grunn av nokre kablar i det planlagde området, måtte det flyttast, seier Christiansen.
Han synest returpunktet er for lite forhold til kor mange som nyttar det. Velforeininga har fleire gonger sendt bilete til kommunen.
– Det er ikkje berre i høgtider og feriar det er fullt av søppel. Det er ofte fullt. Så toppar det seg når det er mykje folk. Det er ikkje stas for området at det flyt søppel. Tenk på skiheisen som går rett forbi. Dette har vore eit problem lenge.
Bekreftar problemet
– Eg kan bekrefte at returpunktet ved Totten nok er underdimensjonert, seier konstituert kommunedirektør Ola Frogner i Hemsedal kommune. Kommunen vil ha eit møte med Hallingdal renovasjon over vinterferien. Dette kjem etter at fleire har sagt frå om saka.
– Det blir gjort tiltak. Enn så lenge blir problemet løyst med fleire bilar og hyppigare tømming, seier Frogner.
– Kva med parkeringsgebyr-problemet?
– Me må sjå på kva som fungerer og kva som ikkje fungerer. Blir dei som leverer søppel skadelidande å nokon måte, er det noko som ikkje fungerer. Det må me sjå på.