Utbygging Tuv sentrum Hemsedal. Fredrik Geelmuyden Thuas Foto tatt fra Hallingdølen.
– Slik kan Tuv bli sjåande ut – planlegg utbygging til 1,6 milliardar, skriver Hallingdølen i en artikkel publisert 10. mai (2023). Utbyggingsselskapet Thuas (Tuv Hemsedal Utvikling AS) har store planer for utvikling av Tuv sentrum i Hemsedal gjennom de neste 20-30 åra. Selskapet har tunge investorer i ryggen som tenker langsiktig, forteller dagleg leder Fredrik Geelmuyden og prosjektleder Øyvind Holsen i Thuas. Utviklingsselskapet har skaffet seg fleire strategiske tomter i Tuv sentrum og lagt en plan som strekker seg mot 2050. Thuas har sett potensialet i å revitalisere og utvikle Tuv som bygdesentrum, som i framtiden kan knyttes saman med Hemsedal Skisenter. Blir planene om utbygging av Røggelia, knyttet til Skistar sitt anlegg, realisert, blir Tuv sentrum svært attraktivt. Nå har vi mulighet til å skape noe helt nytt – som kan kobles på et av Skandiavias ledende alpinanlegg, sier Geelmuyden. Målet er å stikke spaden i jorda allrede neste år.
Artikkelen fra Hallingdølen er gjengitt i sin helhet nedenfor, men kan også leses på nettet (abonnement/innlogg nødvendig):
Slik kan Tuv bli sjåande ut – planlegg utbygging til 1,6 milliardar (hallingdolen.no)
Slik kan Tuv bli sjåande ut – planlegg utbygging til 1,6 milliardar
Dei planlegg å investere 1,6 milliardar kroner på Tuv i Hemsedal. Satsinga skal skape 200 arbeidsplassar i bygda.
Utviklingsselskapet har skaffa seg fleire strategiske tomter i Tuv sentrum og lagt ein plan som strekkjer seg mot 2050. Blant alt som skal byggast finn me fjellbad med aktivitetar, daglegvare og mathall.
Dei har sett potensialet i å revitalisere og utvikle Tuv som bygdesentrum, som i framtida kan knytast saman med Hemsedal Skisenter. Blir planane om utbygging av Røggelia, knytt til Skistar sitt anlegg, realisert, blir Tuv sentrum svært attraktivt. – Me vil revitalisere Tuv som bygdesenter og heilårs turistdestinasjon, seier karane bak utviklingsselskapet Thuas.
Fantastisk moglegheit
– Tuv som sentrumsområde i kombinasjon med ei eventuell utvikling av ny alpin infrastruktur i Røggelia, representerer ei fantastisk moglegheit for Hemsedal når det gjeld verdiskaping og sysselsetting, seier prosjektleiar i Thuas, hemsedølen Øyvind Holsen.
Dagleg leiar i Thuas, Fredrik Geelmuyden, seier han er positiv til Røgjin Utvikling AS sine utviklingsplanar for Røggelia. Han håpar dei blir ein realitet. Selskapet legg fram ein ringvirkningsanalyse som fortel mellom anna kva for verdiskaping ei utbygging av Tuv sentrum vil gi for framtida. – Nett i tråd med kommuneplanen som vil ha 3000 innbyggjarar og 200 fleire arbeidsplassar innan 2030, seier Geelmuyden.
– Om det ser dagens lys, kan det bli ei spennande reise for både Hemsedal som kommune og Tuv som sentrumsområde. Slik me ser det, er nok Røggelia einaste staden Skistar kan utvide den alpine infrastrukturen, seier Geelmuyden.
– Kva om Røggelia ikkje blir noko av?
– Me skal utvikle Tuv som sentrumsområde uavhengig av Røggelia-prosjektet, men det er ingen tvil om at Tuv vil blir meir attraktivt som stad om Røggelia kjem. Og me heiar på dei og vil vere gode medspelarar og naboar. Dette heng saman, seier Geelmuyden som meiner det er behov for utvikling og innovering for framtida. Også på Tuv i Hemsedal. Då må ein tenkje heilskap.
Fleire tiår fram i tid
Sidan 2018 har det lokalbaserte utviklingsselskapet Thuas kjøpt opp eigedom på Tuv. Det gamle hotellet, garden bak, husa på den vesle utstikkaren i elva, og dessutan det gamle samvirkelaget. Og dei vil ha meir.
– Me er i dialog med fleire, seier Geelmuyden. I lag med Tore Espe eig han selskapet saman med eit par tunge investorar, som tenkjer langsiktig, Lorentzen Skibs AS og Toluma AS.
– Eg har vore her på ski og tur sida 90-talet, har jobba og budd her og har eit stort hjarte for bygda. Me er fleire i selskapet som er knytt til Hemsedal, fortel Geelmuyden. Han legg til at Hemsedal er ein Ikon-destinasjon, noko heilt unikt, natur, fjell, kulturlandskap og bygdesamfunn. Og dessutan skikkelege årstider. I tillegg er det berre 45 minutt til Sognefjorden.
– No har me moglegheit til å skape noko heilt nyt – som kan koplast på eit av Skandiavias leiande alpinanlegg, seier han.
Målet er å stikke spaden i jorda alt neste år.
Jobba målretta
Thuas har tenkt langsiktig og jobba målretta i fleire år med korleis dei kan utvikle Tuv. Tre arkitektmiljø er involvert og har utarbeidd moglegheitsstudium for Tuv. Ringverknadsanalyse er utført av Menon Economics. Thuas har god dialog med alt frå grunneigarar, administrasjon og politikarar, til Skistar og no også innbyggjarane på Tuv, som Thuas skal møte i gymsalen på Tuv onsdag 10. mai.
– Mi erfaring er at nøkkelen til konstruktiv næringsutvikling handlar om at kommunen og aktørane samlar seg om ein heilskapleg strategi med konkrete mål for korleis ein vil utvikle bygda, seier Geelmuyden.
Planane deira ligg i eit ferdigregulert område. Noko som forenklar ein del av arbeidet.
Holsen og Geelmuyden syner fram ein ringvirkningsanalyse som mellom anna gir ein indikator for verdiskapinga utbygginga av Tuv sentrum kan gi for framtida.
– Nett i tråd med kommunens planstrategi som vil ha 3000 innbyggjarar og 200 fleire arbeidsplassar innan 2030, seier Geelmuyden. Han har jobba med destinasjonsutvikling på fleire destinasjonar i ei årrekkje. Mellom anna 14 år i Skistar. Holsen kjem frå jobben som kommersiell direktør i Norway`s best i Flåm og Myrkdalen.
Bygdeutvikling
– Korleis er det å jobbe med bygdeutvikling?
– Dette er gøy. Faktisk veldig gøy. All kunnskapen me har fått gjennom åra kulminerer no i eit hjarteprosjekt for både Øyvind og meg, smiler Geelmuyden.
Jobben dei har lagt ned kan gi gjenklang i generasjonar framover. Difor tek dei jobben svært seriøst og tenkjer langsiktig.
– Ei berekraftig utvikling handlar og om eit økonomisk perspektiv med sysselsetting, velferd og verdiskaping i tillegg til det sosiale perspektivet og klima og miljø, seier Holsen.
Ringverknadene syner at med ei utbygging på 34.500 kvm, med ei investering estimert til 1,6 milliardar, kan leggje grunnlag for 1,4 milliardar i verdiskaping fram til 2050.
Her blir stor sysselsetting, undervegs, men også etter utbygging. Då har selskapet Menon Economics også vurdert at utbygginga kan gi grunnlag for ei årleg verdiskaping på nær 100 millionar kroner i drifta når alt er på plass. Og 200 sysselsette årleg – på Tuv.
Treng fleire folk
– Var det noko som overraska i ringverknadsanalysen?
– Hemsedal er ein av kommunane i Hallingdal med den eldste befolkninga. Kven skal ta rekninga for mellom anna helsetenester i framtida, svarar Geelmuyden.
Då treng ein fleire folk – og dei må ha jobb. Ikkje kommunalt, men i privat næringsliv, noko som genererer skattbare inntekter til kommunekassa. Reiselivsnæringa i Hemsedal sysselset 50 prosent av alle tilsette i privat sektor. Reiselivet er og motoren til veksten i privat sektor, som har vore på 90 prosent dei siste ti åra.
Planen til Thuas inkluderer innbyggjarar, turistar og fritidsbefolkninga, og dessutan næringsliv. I planane ligg og eit imponerande fjellbad med aktivitetar, daglegvare og mathall.
– Me vil lage ein stad der folk ønsker å bu og ønsker å gjeste. Me startar noko no som andre skal drive vidare i framtida. Men me må tørre å plante flagget, seier Geelmuyden